25. november 11.00-16.00
Vistnesveien 148 Gratis

I år som i fjor arrangerar me det årlege julearrangementet «Jul på Vistnestunet». Her inviterar me lokale aktørar til å selge heimelaga produkt (mat, strikkearbeid, interiør, klede og anna). Hovedfokuset er at varene er eigenproduserte – og me er stolte av at det er stor variasjon og høg kvalitet på varene. Som i fjor vil det i år og vere ein fotograf på plass, slik at ein kan ta julekortbileta.

I tillegg har me juleverstad for ungane og julekafe med sal av risgraut, saft, lappar, kaffe og anna godt. Kanskje kjem nissen, kanskje kjem det live julemusikk, og hesten Symona kjem ganske sikkert julepynta og fin!

Meir informasjon om arrangementet kjem.