Søndag 11. juni har me utedag på Vistnestunet (Randaberg). Me oppfordrar publikum til å gå eller sykle til oss, og arrangerar sporleik i området (gratis). Premie til alle som deltek!
Hesten Symona tar store og små med på tur i kjerra, og i løa er det høyhopping. Kafeen er open heile dagen, og me set ut styltene.
Sist, men ikkje minst, er me stolte over for aller fyrste gong å få visa fram det siste tilskuddet av dyr på Vistnestunet: to skjønne eksemplarar av norsk landsvin.