Ledig stilling: vert til Limagarden

Har du lyst på ein gild og meiningsfull sommarjobb?

På Limagarden er me på jakt etter eit blidt og engasjert vertskap som vil vera med å skapa gode opplevingar for små og store. Her får du vera ein viktig del av eit levande gardstun – midt i historia!

Som vertskap blir du med på å:

  • Fortelja dei spennande historiene om Limagarden
  • Ta imot og snakka med besøkande
  • Skapa liv og røre på aktivitetsdagar
  • Delta i kjekke aktivitetar saman med gjestene
  • Bidra til at garden ser ryddig og innbydande ut

Arbeidstid:
Sundagar (ca. 5 timar) frå mai til september.
I juli er det ope fredag–sundag – og då skjer det noko kvar dag!

Kven passar dette for?
Vidaregåande elevar, studentar – eller andre som likar folk, historie og formidling. Perfekt for deg som vil ha ein lærerik og litt annleis sommarjobb

Du passar godt i rolla dersom du:

  • Har interesse for historie og likar å formidla
  • Trivst med ansvar og kan jobba sjølvstendig
  • Er utadvendt, imøtekomande og glad i å møta folk
  • Liker å vera vertskap
  • Ikkje har noko imot lett reinhald
  • Kan setja deg inn i historia til garden og formidla både på norsk og engelsk
  • Fyller minst 16 år i løpet av 2026
Søknadsskjema:

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Driftskoordinator Hans-Arvid Grødeland

Telefon 91 87 18 23

E-post: hag@jaermuseet.no

Om Limagarden:

På Limagarden kan du oppleva eit ekte gardstun slik det var før i tida. Mellom gamle bygningar med utsyn over Limavatnet får du innblikk i korleis familiane på garden levde, arbeidde og brukte naturen rundt seg – frå ullarbeid i daglegstova til sauehald, fiske og smiing.

I heimehuset finn du miljøutstillingar frå midten av 1900-talet og ei unik samling gjenstandar som viser arbeidslivet på garden gjennom generasjonar. Tunet er ope for leik og aktivitetar, og området rundt eignar seg perfekt for ein tur i det vakre kulturlandskapet i Limaheia.

Limagarden er ein roleg, lærerik og stemningsfull stad som passar for både store og små – eit lite stykke levande lokalhistorie i hjartet av Gjesdal.