Kvar søndag frå mai til september er det ope på Limagarden. Her får du oppleva ein flott museumsgard, der sau var ein av hovudnæringane.
Ute i tunet kan du gå på stylter, kaste hestesko og leika i den flotte hagen.
Sal av kaffi, jus, is og heimelaga kjeks. Kombiner gjerne besøket med ein tur i Limaheiane. Her er det mange kulturminne, og gode fjelltoppar som Håfjell og Kodlifjell.
Billettpris: Vaksne kr. 40 / barn gratis. Har du årskortet til Jærmuseet, kan du nytta dette denne dagen.
God parkering.