Kvar helg i juli held Limagarden ope for besøkande og vertar tek deg vel imot. Det vil vere forskjellige aktivitetar og sal av kaffi, juice, is og heimelaga kjeks.
Denne helga kan små og store læra kunsten å karra og spinna ull. Vertar hjelper dykk med å forvandla råulla til mjuk tråd, som du til slutt kan knyta om til eit armband, til dømes.
Og på miljøloftet kan ein bygga med LEGO heile sommaren.
Kombiner gjerne besøket med ein tur opp i heia bak Limagarden, her er det fleire kulturminne og du kan gå til Kodlifjell og Håfjell.