Kvar helg i juli holder Limagarden ope for besøkande og vertar tek deg vel imot. Det vil vere forskjellige aktivitetar og sal av kaffi, juice, is og heimelaga kjeks. Meir informasjon om aktivitetane kjem!
Denne helga kan du læra deg kunsten å knyta makrame, og me lagar fine nøkkelringar dekorert med treperler. Vertane står klare til å hjelpa deg i gong!
Og på miljøloftet kan ein bygga med LEGO heile sommaren.
Kombiner gjerne besøket med ein tur opp i heia bak Limagarden, her er det fleire kulturminne og du kan gå til Kodlifjell og Håfjell.