Aktivitetsdag

30. august 12:00-15:00
Limavegen 51
Barn og årskort: gratis // Vaksne 40,-

Jærmuseet, Gjesdal Bygdekvinnelag og 4H inviterer til ein triveleg dag på Limagarden med levande handverk, aktivitetar og noko godt å eta.

Her kan du sjå tradisjonelt handverk i praksis. Det blir demonstrasjon av sying av sivsko, strikking og veving.

Det blir òg baking av flatbrød og kinning av smør og sal av nybakte lapper og rabarbrasuppe.

For barna blir det aktivitetar i regi av 4H, mellom anna spikking og andre kjekke oppgåver.

Prøv også Hammarmysteriet – ei spanande aktivitetsløype på museet der store og små kan vera med og løysa oppgåver saman.

Bak Limagarden ligg flotte Limaheia. Kombiner gjerne besøket med ein tur i det vakre turområdet!

Museet er ope frå kl. 12 til 16.

Vel møtt!