Frukt- og bærhagen på Limagarden hadde lenge vore gjengrodd då Jærmuseet i 2022 starta arbeidet med å vekkje han til liv att. Det som fanst frå før blei tatt vare på, og i tillegg planta museet nye frukttre med både lokale, historiske og moderne sortar.
Nå har trea fått nokre år på seg til å vekse – og me er klare for å vise fram resultatet saman med gode samarbeidspartnarar!
Me inviterer til ein aktivitetsdag med sødeple i fokus.
Program:
Kl. 12.30–14.15
- Frå eple til most – sjå korleis me pressar eple, og smak ferskpressa eplemost
- Smak på frukthagen – smak ulike eplesortar, både historiske og moderne, og stem på din favoritt!
- Prøv Hammermysteriet – klarar du å finne smiehammaren?
- Lag di eiga tilslørte bondepike – bli kjent med den tradisjonelle sødeple-desserten og historia bak
- Leik i tunet – stylter og hesteskokasting
- På Limagarden er det hundrevis av Lego-klossar. Klarar du å bygge eit eple av Lego?
- Kafé på garden – sal av heimelaga eplekake, heimelaga saft, is og kaffi
Kl. 14.15-14.30
- Omvising i frukthagen med Ragnvald Gramstad – bli kjent med frukthagen og dei ulike fruktsortane
Kl. 14.30 Takk for i dag!
Aktivitetsdagen vert arrangert i samarbeid med Eplefryd og Ragnvald Gramstad.
Denne sundagen er siste opningsdag for årets sesong på Limagarden.