Denne sommaren kan du oppleve Limagarden på ein heilt ny måte!
Tore Lima, som budde på garden med syskena sine, har mista favoritthammaren hans. Utan den kan han ikkje smi sauebjøller eller hestesko. De må hjelpa Lars med å finna hammaren!
Mysteriet tar de gjennom ei løype i dei forskjellige husa på garden. På kvart sted er det ei oppgåve som de må løysa. Når de har gjort alle oppgåvene kan de levera inn aktivitetskortet og få ein liten premie. Alle som deltar på mysteriet er òg med i trekninga av eit årskort på Jærmuseet.
Ikkje interessert i mysteriet?
Då kan du til dømes boltre deg i LEGO-rommet vårt heile dagen, eller kose deg på ein av dei nydelege turane som er i nærleiken av garden.
Kvar helg er det òg forskjellige aktivitetar på garden:
| 3.-5. juli: spinn ditt eige armband |
| 10.-12. juli: knyt ein nøkkelring av makrame |
| 17.-19. juli: tov ein sau |
| 24.-26. juli: spinn ditt eige armband |
| 31. – 2. aug: knyt ein nøkkelring av makrame |
Uansett kva du vil gjere er kafeen ope, og her er det sal av kaffi, saft og mykje anna godt!
Velkommen!