På Limagarden er me på jakt etter eit blidt og engasjert vertskap som vil vera med å skapa gode opplevingar for små og store. Her får du vera ein viktig del av eit levande gardstun – midt i historia!
Som vertskap blir du med på å:
- Fortelja dei spennande historiene om Limagarden
- Ta imot og snakka med besøkande
- Skapa liv og røre på aktivitetsdagar
- Delta i kjekke aktivitetar saman med gjestene
- Bidra til at garden ser ryddig og innbydande ut
Arbeidstid:
Sundagar (ca. 5 timar) frå mai til september.
I juli er det ope fredag–sundag – og då skjer det noko kvar dag!
Kven passar dette for?
Vidaregåande elevar, studentar – eller andre som likar folk, historie og formidling. Perfekt for deg som vil ha ein lærerik og litt annleis sommarjobb
Du passar godt i rolla dersom du:
- Har interesse for historie og likar å formidla
- Trivst med ansvar og kan jobba sjølvstendig
- Er utadvendt, imøtekomande og glad i å møta folk
- Liker å vera vertskap
- Ikkje har noko imot lett reinhald
- Kan setja deg inn i historia til garden og formidla både på norsk og engelsk
- Fyller minst 16 år i løpet av 2026
Søknadsskjema:
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Driftskoordinator Hans-Arvid Grødeland
Telefon 91 87 18 23
E-post: hag@jaermuseet.no
Om Limagarden:
På Limagarden kan du oppleva eit ekte gardstun slik det var før i tida. Mellom gamle bygningar med utsyn over Limavatnet får du innblikk i korleis familiane på garden levde, arbeidde og brukte naturen rundt seg – frå ullarbeid i daglegstova til sauehald, fiske og smiing.
I heimehuset finn du miljøutstillingar frå midten av 1900-talet og ei unik samling gjenstandar som viser arbeidslivet på garden gjennom generasjonar. Tunet er ope for leik og aktivitetar, og området rundt eignar seg perfekt for ein tur i det vakre kulturlandskapet i Limaheia.
Limagarden er ein roleg, lærerik og stemningsfull stad som passar for både store og små – eit lite stykke levande lokalhistorie i hjartet av Gjesdal.