På Limagarden har Gjesdal kommune og Jærmuseet denne sommaren arrangert ferieklubb for ungar frå første til fjerde klasse. Kvar dag frå måndag til fredag har deltakarane fått utfalda seg i alt frå organiserte aktivitetar til frileik i historiske omgivnader.
Museumspedagogane er nøgd med variasjon i tilbodet

Unn Iren Skretting Thorsen, museumspedagog i avdelinga Levande historie hjå Jærmuseet, fortel at veka har vore full av variasjon.
– Me har hatt ein dag på Vitenfabrikken med planetarium og show, bygd bilar og rakettar, og arrangert «Mesternes mester» med lagoppgåver, fortel Thorsen.


-I tillegg legg me opp til mykje frileik, der dei kan bruka anlegget, spela spel eller byggja med lego, seier ho og held fram: -Ein viktig del av strategien er at me skal la ungane få kjeda seg litt slik at dei byrjar å nytta hovudet til å finne på ting på eiga hand. Dette opplev me har god effekt på deira eigarskap til aktivitetane dei held på med hjå oss.
Skjermfri gjer godt

Stian Ravndal, museumspedag ved Garborgsenteret (ein del av Jærmuseet), har jobba på ferieklubben i fem–seks år. Han legg vekt på verdien av å gje ungane opplevingar og praktisk læring gjennom aktivitetar dei kanskje ikkje møtar til vanleg.
– Her er det heilt skjermfritt, så då må me vera kreative i leik og aktivitetar. Me tek fram gamle uteleikar, lagar ting saman og lagar mat på gamlemåten. Det blir ein god blanding av organisert leik og frileik, og det ser me får positivt utslag.
Kampen om dei unge

Ferieklubben på Limagarden har merka at konkurransen om barn og unge er blitt større dei siste åra.
– Etter covid-19 restriksjonane vart avvikla har det kome fleire andre tilbod i regionen, som idrettsskular og kurs innan drama og kunst og handverk. Det er flott at det finst mykje å velja i, så det kan nok forklara korfor me har sett litt lågare deltaking dei siste åra, forklarar Thorsen.
-Det er sjølvsagt berre godt at dagens unge har mykje å velja i og me er stolte av ferieklubb-tilbodet vårt på Limagarden som eit viktig alternativ til ferieaktivitet for barn og unge i Gjesdal understrek ho.
Byggjar relasjonar utan distraksjonar

For både barn og vaksne er dette ei veke for å byggja relasjonar utan digitale distraksjonar, forklarar Ravndal.
– Det handlar om å vera i lag, analogt, sjå kvarandre i augo og våga å kjeda seg litt – for å sjå kva kreativiteten bringar, avsluttar han, som i lag med museumskollega Thorsen er storfornøgd med årets ferieklubb på Limagarden.