{"id":57,"date":"2014-06-04T13:29:18","date_gmt":"2014-06-04T11:29:18","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/vitengarden\/studiemagasinet\/"},"modified":"2024-05-29T18:40:18","modified_gmt":"2024-05-29T16:40:18","slug":"snu","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/vitengarden\/snu\/","title":{"rendered":"SNU"},"content":{"rendered":"
Utstillinga SNU st\u00e5r utand\u00f8rs og inneheld \u00e5tte interaktive stasjonar. <\/strong><\/p>\n Klarer du st\u00e5 imot full orkan? Eller bruka energien fr\u00e5 kroppen til \u00e5 vera ein menneskeleg jojo – fleire meter opp i lufta? Vert rumpa di varmast med energi fr\u00e5 sola, eller med torv? Klarer du skyta h\u00f8na med hjelp av Brynepumpa? Eller f\u00e5r du til \u00e5 programmere fontenen, Vassdansen?<\/p>\n Utstillinga – som har f\u00e5tt navnet SNU – inviterer dei bes\u00f8kande til \u00e5 bruka kroppen medan ein opplever ulike energikjelder; dei me har brukt f\u00f8r og dei me bruker i dag. Fordeler og ulemper skal utforskast – me treng meir energi og utsleppa av CO2 skal ned. Kanskje finn du l\u00f8ysinga? Kva med framtida – skal me SNU?<\/p>\n Fleire av stasjonane gir kitling i magen, og er gilde for dei st\u00f8rre barna. Det er \u00f2g eit stort omr\u00e5de ute der dei minste vil kosa seg – med vatnleik, pumper og vannpistol.<\/p>\n V\u00e5ren 2022 vart utstillinga utvida med to nye element:<\/p>\n VASSDANSEN – Her skal publikum l\u00e6re om koding og programmering ved \u00e5 styre h\u00f8gda p\u00e5 dei ulike vasstr\u00e5lene.<\/p>\n INNSEKTSVENLEG BED – Vitengarden \u00f8nskjer \u00e5 bidra til \u00e5 gi humler, bier og andre insekt god tilgang til nektar og pollen, samstundes som dei bidreg til pollinering.<\/p>\n