{"id":10146,"date":"2026-11-12T18:16:01","date_gmt":"2026-11-12T16:16:01","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/vitengarden\/?p=10146"},"modified":"2026-11-12T18:20:29","modified_gmt":"2026-11-12T16:20:29","slug":"ledig-stilling-kokk-pa-vitengarden","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/vitengarden\/ledig-stilling-kokk-pa-vitengarden\/","title":{"rendered":"Ledig stilling: kokk p\u00e5 Vitengarden"},"content":{"rendered":"\n
Er du glad i kokkefaget, men klar for ein kvardag som ikkje alltid f\u00f8lgjer same oppskrift? P\u00e5 Vitengarden vekslar du mellom kaf\u00e9drift, bryllaup, konfirmasjonar, aktivitetsdagar og arrangement for alt fr\u00e5 ti til 300 gjester. Du er ikkje berre med p\u00e5 f\u00f8rebuingane. Du er med og gjennomf\u00f8rer, og ser resultatet n\u00e5r gjestene set seg til bords. Nokre gonger skal maten \u00f2g spela p\u00e5 lag med temaet for dagen eller ei ny utstilling. Smak og presentasjon skal sitja, anten det er eit kurs, ein enkel lunsj eller festmiddag til fullt hus.<\/p>\n\n\n\n
Arbeidstida er i hovudsak p\u00e5 dagtid m\u00e5ndag til fredag, med kveld- og helgearbeid n\u00e5r me har selskap og arrangement. I helgene blir kaf\u00e9en i stor grad driven av vertane v\u00e5re. Dei serverer ogs\u00e5 i bryllaup og andre selskap, og kan avlasta p\u00e5 kj\u00f8kkenet i feriar og p\u00e5 fridagar. Du f\u00e5r derfor ei viktig rolle i \u00e5 gje dei god oppl\u00e6ring, tydelege rutinar og n\u00f8dvendig oppf\u00f8lging.<\/p>\n\n\n\n
Du blir ein del av eit lag med pedagogar, teknikarar, gardsstyrar, butikkansvarleg, reinhaldarar og andre faggrupper. Her er kj\u00f8kkenet ein del av heile Vitengarden, ikkje ei verd for seg sj\u00f8lv. For den rette personen kan stillinga utvikla seg til eit hovudansvar for kaf\u00e9- og kj\u00f8kkendrifta, med god overlapping fr\u00e5 dagens kaf\u00e9ansvarleg.<\/p>\n\n\n\n
Hj\u00e5 oss f\u00e5r du bruka kokkefaget breitt, og me set v\u00e5r \u00e6re i \u00e5 laga mest mogleg av maten fr\u00e5 botn av.<\/p>\n\n\n\n
P\u00e5 sikt kan du f\u00e5 eit st\u00f8rre ansvar for \u00f8konomi, innkj\u00f8p og vidareutvikling av heile kaf\u00e9- og kj\u00f8kkentilbodet p\u00e5 Vitengarden.<\/p>\n\n\n\n