Hanabergsmarka

Opplev Hanabergsmarka Kulturminne- og friluftsområde med eit orienteringskart og QR-kode på postane for å få meir informasjon.

Ved Vitengarden ligg Hanabergsmarka Kulturminne- og friluftsområde. Det er eit område med gode turmuligheiter i all slags vêr og til alle årstider.

Hanabergmarka kan sjå «naturleg» ut, men i  dei siste 3000 åra har menneskelege inngrep sett sine spor, nokre kan du sjå, andre er usynlege. Folka som har budd her har forma dette kulturlandskapet, og spora etter dei gir eit rikt utval av kulturminne. I Hanabergsmarka er det dessutan eit plante- og dyreliv som er uvanleg for Jæren i dag. Det gir oss opplevingar for mange sansar. På grunn av området sine kulturhistoriske kvalitetar og nærleiken til Vitengarden, blei området kjøpt opp av Hå kommune i 1991 og vidareselt til staten med midlar frå Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning.

Fleire turstiar å velje mellom

Frå parkeringsplassen ved Vitengarden er det fleire turstiar å velja mellom. Dei fleste følgjer gangstien mot Kvia 4H-gard. Rett over låvebrua står to store, vertikale, kilte steinar.  Det er restane etter ei vindmaskin som gav energi nok til å driva treskjeverket som stod inne i låven.

Vegen som går ut i Hanabergsmarka kulturminne- og friluftsområde er ein geil, eller krøterveg for dyra som skulle ut til beitet i utmarka. På begge sider av geilen er steingard, lødd av dyrkingsstein frå jordene like ved. Steinen blei frakta til Jæren av isbrear under siste istid, og var ein del av morenen som dekkar mykje av Låg-Jæren. Noko av steinen er sprengd eller kila i mindre bitar.

Når du kjem gjennom geilen og passerer grinda er det bare å velja. Du kan gå rett fram mot Hanaberget, – eller følgja grusvegen mot venstre eller høgre. Grusvegen går rundt heile området.

 

 

Orienteringspostar og QR-kodar

Det er sett ut orienteringspostar i Hanabergsmarka. Orienteringskart med postane kan du lasta ned her eller henta i resepsjonen på Vitengarden. På orienteringspostane er det ein QR-kode. Koden kan du bruka til å finna informasjon om noko av det du ser rundt deg. Området byr også på geocaching. Det er plassert ut fleire boksar som du åleine, – eller saman med familien kan leita etter.

Bondevennlunden

Rett etter at du kjem ut av geilen ligg Bondevennlunden til venstre. Her er det satt ut bord, benker og grillar. Ta med ei god nistepakke eller grillmat.

Myra var den viktigaste energikjelda for folk på Jæren før elektrisiteten gradvis tok over. Det fans ikkje skog i denne regionen, men alle gardane hadde ein eller fleire rettar til å skjera torv i myrer. Om våren skar dei ut torva, tørka ho og tok ho heim. Så kunne dei fyra med torv når dei skulle ha varme eller koka mat. Det er henta ut mange lass med torv frå myra du ser framfor deg, det endra landskapet. No er mestedelen av myrene på Jæren dyrka opp. Det har ført til at viktige biotopar for insekt, småkryp og fugl er blitt borte. I utstillinga på Vitengarden kan du sjå slike myrer, og finna ut korleis folket på Jæren har utnytta dei.

Grusvegen rett fram går langs Kviamyra og vidare til den høgaste toppen, Hanaberget, 51 moh. No ser du vidt: Sjøen i vest og det moderne jordbrukslandskapet på Låg-Jæren, i aust Nærbø og Jærmuseet Vitengarden.

Her på toppen byrja dei tyske okkupantane i 1942 arbeidet med å bygga ei militærforlegning med radar, kanonar, brakker, jernbaneskinner og mykje anna som høyrde til. Arbeidet gjorde store inngrep i kulturlandskapet. 16 brakker og om lag 300 soldatar blei stasjonert  i leiren, og rundt heile Hanaberget blei det lagt ut meir enn 1000 miner. Gå inn i kommandobunkeren, der kan du sjå bilde og finna informasjon om Hanabergsmarka kulturminne- og friluftsområde under andre verdskrigen.

 

Også sør i Hanabergsmarka kulturminne- og friluftsområde bygde tyskarane forsvarsverk, mellom anna fire store kanonar. Dei var så kraftige at tyskarane varsla folka på Audamotlandsgarden då kanonane skulle prøveskytast. Dører og vindauge måtte opnast, likevel datt bilda ned av veggen og veggklokka stoppa. Her kan ein sjå spor etter jernbanelinja som blei brukt til å frakta kanonar til Hanabergsmarka under andre verdskrigen. Her er og ruinar etter vaskebrakke, messe og andre brakker.

Fornminna og kulturlandskapet.

Klimaet var både varmt og tørt i Rogaland då bronsealdergravhaugen på toppen av Hanaberget blei laga. Dei store, rikt utrusta gravhaugane frå eldre bronsealder ( år 1800 – 500 f.kr.) var overklassen sine gravplassar. Men i Hanabergsmarka Kulturminne- og friluftsområde er det også gravhaugar frå ulike tidsperiodar, og spor etter gardar frå folkevandringstida (år 300 – 600 e.kr) og mellomalderen(år 1000 – 1500 e.kr). Ein kan også sjå gamle steingardar, stakktufter, rydningsrøyser og andre dyrkingsspor.

Kystlyngheia

Før andre verdskrigen var kystlynghei den vanlegaste vegetasjonstypen på Jæren. I det milde klimaet skyt lyngen grøne spirer i store delar av året. Dermed kan dyra gå ute og finne mat også om vinteren. Kystlyngheia var vanleg i eit smalt belte langs kysten frå Lofoten i nord til Portugal i sør. For at lyngen skulle halda seg ung og frisk var det vanleg å brenna og slå lyngen, i tillegg til å passa på at det gjekk passeleg med dyr på beite. Etter andre verdskrigen har kystlyngheia mest forsvunne. Det har også eit rikt biologisk mangfald som følgde med denne vegetasjonstypen. I staden dyrkar bøndene gras til fôr. I Kviamarka kan du sjå små restar av kystlynghei, mellom anna i -myrområdet sør for Hanaberget.I samarbeid med Bioforsk Vest studerte Jærmuseet metodar for å få kystlyngheia tilbake igjen. I prosjektet var det prøvefelt i Hanabergsmarka kulturminne- og friluftsområde, su kan finna resultata i utstillingane på Vitengarden.

Opplev ein gamal jærgard

Frå Vitengarden går det ein fin turveg til gardstunet  på Audamotland. Følg geilen ved Vitengarden og drei nordover Hanabergsmarka. Ved steingarden i nordre ende av marka  er det bygd ei stor metalltrapp og ein utsiktstad. Ei orienteringstavle fortel om fornminnet Klauhaugane som ligg under deg.  Kva det ringforma tunet Klauhaugane gøymer, er enno ikkje ferdig utforska. Fortsett på stien du kom frå. Det går ein geil frå Hanabergsmarka og til garden på Audamotland, ta til høgre gjennom grinda og følg geilen rett til garden.

Folka flytta frå garden etter svartedauden i 1349. Han låg aude til folk flytta tilbake på slutten av 1500-talet. Tunet blei flytta, det me ser i dag kan vera frå slutten av 1700-talet. Garden høyrer til Jærmuseet.

Audamotland

Heimehuset er eit jærhus med to stover og kammers. Stova mot sør, eller bua som ho også blir kalla , er eldst. Flyttemerkene på tømmeret syner tydeleg at ho er flytta. I ein takbjelke, i bukammerset er årstalet 1654 rissa inn. Stokkane i denne stova og kammerset er lafta med raulandslaft. I den nordre delen av huset (stova, kammers, kjøkken og gang) er det brukt sinklaft i stokkane. Ein lafteteknikk som fyrst blei vanleg på 1800- talet. Begge desse  laftemetodane kan du bli kjent med i utstillinga på Vitengarden.

Tyskarane flyttar inn.

I 1942, då tyskarane etablerte seg i Hanabergmarka, flytta dei også inn på Audamotland.

«Beskjeden var at kl. 5 måtte alt vera klart, i starten protestera mor og sa at det kjem ikkje på tale, men det nytta ikkje, dei berre kom. Tyskarane ville flytta inn i lag med oss. Det var forferdeleg skummelt då dei kom marsjerande på dei støvlane og eg gøymde meg under divanen i stova. Eg høyrde berre støvlane og høgt snakk. Då skulle dei ha roma mot nord og elles dela kjøkken med mor. Det blei ein ballade ut av ein annan verden. Kor lenge dei hadde felles kjøkken veit eg ikkje, men det gjekk ikkje.» Dette fortalde Sigrunn Ødemotland Damsgård, fødd i 1938. Ho budde på Audamotland då tyskarane tok seg til rette.

Felleshushaldet gjekk ikkje godt, og tyskarane tok i bruk den 24 kvm store folgestova i staden. Det blei offisersmesse med gang, kjøkken og «matsal», og fast kokk som serverte 12 offiserar.

Der var ei omfattande gardsdrift på Audamotlandsgarden fram til 1948, med korn, rotvekstar, frukttre og bærbuskar, sauer, kyr, sauer, høner, gris og to hestar.

Fram til i dag har bygningane fått stå nokolunde slik dei var, og me kan sjå jærsk bygningshistorie frå første halvdel av 1900 – talet. Påbygga kom etter kvart som det trongst, og materiala blei brukt om igjen fleire gonger.

Kvia 4H – gard

Stien frå parkeringsplassen fører rett til Kvia 4H-gard. Tunet og bygningane er frå 1878, same året som Jærbanen opna. Dette var ei så stor nyskaping at huset blei snudd «feil», ein måtte ha utsikt til skinnegangen slik at ein kunne fylja med på toget.  Det budde folk på garden fram til 1984. Heimehuset  hadde stått tomt i nokre år då museet tok over. Det er innreidd slik det var vanleg på Jæren på 1950 – talet med kjøkken, daglegstove og «bestestove», kammers og soverom på loftet. Huset har ein frostfri og god kjellar med matbu, vinterlager for poteter og rom til å baka i. Vatn blei ikkje lagt inn før i 1977. Tidlegare blei alt vatn heisa opp frå brunnen nord for kjøkkenet, og bore inn.

På garden finn du dei husdyrrasane som var vanlege på Jæren i 1950-60-åra. Store og små kan få nærkontakt med kyr av vestlandsk raukolle, hestar, gris, høns og sauer. På sommaren vil dyra vera på beite rundt husa, om vinteren er dei fleste inne i fjøset. Me har også bier – dei er det ikkje meininga at publikum skal ha nærkontakt med. Biene kan observerast inne i utstillinga i museumsbygget.  Der kan de også vera heldige og få obervera korleis kyllingar strevar for å komme seg ut av egget. Jærmuseet er med i det nordiske samarbeidet for å ta vare på gamle husdyrrasar.

Det skjer noko på garden – alt etter kva årstid det er. Om sommaren er bondekona på plass og lagar tradisjonsmat på kjøkkenet, eller i kjellaren. På aktivitetsdagane demonstrerer me arbeidsmåtar, reiskapar og maskinar nytta i jordbruket i eldre tid. I hagen er det satt ut benker kor du kan nyta ei nistepakke, eller klatra i dei flotte trea som er der.

Garden blir brukt mykje til formidling til barn og unge, ofte i sampel med vitensenterutstillinga.

 

Fakta om turen

Adkomst

FV44 til Vigrekrossen ved Nærbø. Her står det skilt til Jærmuseet/Vitengarden. Sving av og følg FV158 Skjerpevegen til Nærbø kyrkje og sving av på Kviavegen. Parkeringsplassen er etter 900 meter.

Tog

Nærbø stasjon. Gå sørvestover langs Jadarvegen og forbi Nærbø bibliotek. Fortsett  sør på store Ring  til skilt «Jærmuseet». Følg Skjerpebekken vidare til parkeringsplassen ved Vitengarden. Total gangtid 20 min.

Fleire umerka grusvegar. Tilpassa barnevogn

Hanabergmarka rundt: 2,5 km

(Frå Vitengarden, gjennom skogen, opp på Hanaberget og tilbake til Vitengarden)

Hanaberget tur/retur: 2 km

(Frå Vitengarden, rett fram i krysset, opp på Hanaberget og tilbake til Vitengarden)

Audamotland tur/retur : 2 km

Døgnåpent toalett Audamotland