Tråd på pinnen 3. mars på Vitengarden

Velkommen til ein gild strikkedag med påfyll og kurs på Vitengarden.
Program for dagen:
0930 – 1000 Velkommen, kaffi og frukt
1000 – 1045 Monica Cecilie Herredsvela , om hennar vei til finalen i Symesterskapet på NRK.
1045 – 1100 Presentasjon av popup strikkebutikk
1100 – 1200 Kurs
1200 – 1330 Lunsj
1330 – 1500 Kurs fortset
1500 – 1530 Oppsummering

Kursoversikt:
Du kan kun melda deg på eit kurs.

Vevstrikk – kursleiar Solveig Lode Knutsen.
Strikk som har likhetstrekk med en vevnad.
Forkunnskap: Du må kunna strikka rett.
Ta med: Du må med garn i to fargar, best med kontrastfargar og pinnar/rundpinne som passer til. Viss du vil strikka ein gryteklut er det best med bomullsgarn, eller du kan strikka skjerf, hue eller pulsvarmarar med ullgarn.
Max 20 deltakarar på kurset.

Redesign av strikkeplagg – kursleiar Monica Cecilie Herredsvela
Få inspirasjon , ideer og mot til å testa ut teknikkar og gje nytt liv til og pynta opp gamle strikkeplagg.
Forkunnskap: Du må kunna strikka og tre ei nål.
Ta med: Eit strikkeplagg eller to som du ikkje er redd for, kjøp gjerne gamle stikkeplagg i bruktbutikk. Finn fram det du har av bånd, perler, tøymerke, glitter og anna stas du kan pynte med. Ha med synål og sytråd, stoppenål og garn/restegarn , heklenål og strikkepinner.
Max 25 deltakarar på kurset.

Hælfelling – kursleiar Else Rugaard
På dette kurset lærer du to forskjellige hælfellingar.
Forkunnskap: Du må kunna strikka rett og vrangt.
Ta med: Strikk ferdig minst to vrangborder/ legger, slik at du er klar til å begynne på hælen. Ha med garn og 5 pinner (eller ein lang rundpinne vis du strikkar med magic loop).
Max 15 deltakarar på kurset.

Tveband/ tvebinding – kursleiar Brit Mattingsdal
Forkunnskap: du må kunna strikka rette og vrange maskar.
Ta med: Me startar på ein barnevott. Strømpepinner eller lang rundpinne nr 2 ½ og 3 ½ og to farger i Vestlandsgarn, Peer Gynt, Rauma 3 tråds eller liknande garn + ein liten rest som skal brukast til maskane til tommel. Legg opp 40m med ein tråd på pinne 2 ½ og strikk vrangbord 5 cm 1 vridd rett og 1 vrang. Velg sjølv om du vil ha “mønster” på vrangborda,forslag 4 omg frg 1, 1 omg frg 2, 1 omg frg 1, 1 omg frg 2, 1 omg frg 1, 1 omg frg 2, 4 omg frg 1.
Max 15 deltakarar på kurset.

Patentstrikk i to farger – kursleiar Ingeborg Nærland Skjærpe
Patentstrikk i to farger gjer mjuke og luftige plagg med ein hovedfarge på kvar side
Forkunnskap: Du må kunne strikka rette og vrange maskar. Fordel om du har prøvd patentstrikk før- men det er ikkje noko krav.
Ta med: Garn i to fargar i same tjukkelse og rundpinne som passar til garnet
Max 15 deltakarar på kurset.

Pris og påmelding
Pris per deltakar er kr. 495,- Dette inkluderer kurs, lunsj – heimelaga fiskesuppe med godt brød, kaffi med noko attåt. Det vil òg vera god tid til eige strikk og drøs så finn fram strikketøyet og meld deg på ved å følge denne lenka: goo.gl/bNxCZB

Grunna at du må velga kva kurs du vil vera med på, så kan du kun melde på ein og ein person i skjemaet. For påmelding av fleire personar, fyll ut fleire påmeldingsskjema.
Faktura vert sendt ut på e-post. Påmeldinga er bindande. Kvittering på betaling stadfestar din plass.

Velkommen til strikkedag!