Vitengarden inviterer til ein dag fyllt med inspirasjon, kurs og god drøs lørdag 11. november 2017 kl 09.30 -15.00

 

Program for dagen:

09.30 – 10.00 Velkommen, frukt og kaffi (Dørene opnar kl. 09.15)

10.00 – 11.00 Vottetomler. Pinneguri v/Ann Myhre snakkar om fordelar og ulempar med dei ulike tommelkonstruksjonane ( utan kile, med kile og sidekile) og viser bilete og eksempel på dei ulike tommelkonstruksjonane.

11.00 – 11.10 Beinstrekk og påfyll av kaffi

11.10 – 11.20 Presentasjon Plantefarging v/ Emilie Wathne Kramer

11.20 – 11.30 Presentasjon Lykkelig handel

11.30 – 13.00 Lunsj,  Tradisjonssuppe med heimelaga godt brød

13.00 – 15.00 Kurs eller drøs og strikking i kafeen (kaffipause ca kl 14.00 med noko å bita i)

 

Emilie Wathne Kramer vil ha stand og farge garn. Du kan følgje med korleis fargen på garnet endrar seg i løpet av dagen.

Lykkelighandel vil selje sine garn og mønster, dei har mykje spennande som du ikkje finn i andre garnbutikkar.

Museumsbutikken er open, her finn du gaver til store og små.

 

Det er mulig å melde seg på kurs, kun eit kurs pr. deltakar (begrensa plass, førstemann til mølla):

Forming av plagg/forkorta rader (12 stk)

Ynskjer du å lære nokre gode knep for korleis ein kan forme eit strikka plagg så det passar deg? Kva er lurt å tenke på før du startar med plagget, kva kan du improvisere undervegs og kva kan du gjere når plagget er ferdig? Me går igjennom litt teori, men mest er det praktiske tips og råd. Ta gjerne med ei jakke eller ein genser og så bruker vi den som eksempel.

 

Kontstrikk (15 stk)

Det ser ut som om strikka strimler er vevd eller fletta saman, men teknikken er lett å lære for ein nybegynner sjølv om det ser komplisert ut. Den består av å strikke rader av ruter som er høgre eller venstrevendt. Kontstrikk kan strikkes på rette pinner eller rundt på rundpinne. På kurset startar me på ei hue i kontstrikk. Før du kjem må du ha lagt opp og strikka vrangborda. Du må ha med 2 fargar garn liten rundpinne og ei spøte. Masketalet tilpassar me til kontstrikk ved å felle eller auke etter vrangborda.

 

Tvebandstrikk/ tvebinding (15 stk)

Tvebandstrikk er ein gammal teknikk som er mest kjent i grensetraktene mot Sverige. Derfor reknar ein med at teknikken kom derfra. Teknikken vart mest brukt til å stikka vottar og sokkar, men og til luer. Ved at du strikker med to tråder som heile tida tvinnes får du eit sterkare, tjukkare og meir vannavstøtande strikkeplagg. På rettsida ser det ut som moderne strikk, men vrangsida får ein anna utsjånad. Vottane blei ofte snudd slik at den glatte sida kom inn mot huden og den meir grove vrangsida kom ut. På innsida vart det ofte sydd i floss.

Nå kan vi ofte finne oppskrifter på vottar der kanten er strikka i tvebandstrikk. Dette for å lage ein kant som ikkje ruller seg sjølv om du ikkje strikkar vrangbord.

På dette kurset vil du lære å legge opp og strikke rette og vrange masker. Deltakerne må være erfarne strikkere.

Utstyr: 2 nøster i forskjellige fargar av et ullgarn som er berekna til pinn 3, 5, men vi skal bruke pinne nr 3. Strømpepinnar nr 3 eller lang rundpinne dersom du strikker «magic loop»

 

Dominostrikk (15 stk)

En teknikk som passer godt til å lage tepper, grytekluter og puter.  Her kan du få brukt opp restegarnet. Det går kjapt og  lappane strikkar ein ut frå  kvarandre slik at det blir minimalt med  montering.  Det ser avansert ut men er ganske enkelt. På dette kurset lærer du strikka opplegg, felling  av 3 maskar på ei gong  og fine kantmasker.  Passer for nybegynnarar.

Ta med garn og rette pinner eller rundpinne som passar til garnet.

Pris og påmelding
Pris per deltakar er kr. 495,- Dette inkluderer kurs, lunsj – heimelaga suppe med godt brød, kaffi med noko attåt. Det vil òg vera god tid til eige strikk og drøs så finn fram strikketøyet og meld deg på ved å følge denne lenka: Meld deg på her

Grunna at du må velga kva kurs du vil vera med på, så kan du kun melde på ein og ein person i skjemaet. For påmelding av fleire personar, fyll ut fleire påmeldingsskjema.
Faktura vert sendt ut på e-post. Påmeldinga er bindande. Kvittering på betaling stadfestar din plass.

Velkommen til strikke- og hekledag!