Kinna smør

Korleis lagar ein smør frå botn av? Kva ingrediensar og reiskap må til, og kva kjemisk reaksjon finn stad i kinna? Me kinnar smør i frå fløyte og smakar til med salt og krydder.

Kort om opplegget:

  • Opplev spanande fenomen i kjemiens verd. Me nyttar ingrediensar ein kan finna på eit kvart kjøken og som er heilt ufarlege.
  • Delta på spanande eksperiment som skapar begeistring og undring. Me kler oss opp i labfrakkar og vert forskarar for ein dag.
  • Utforsk utstillingane på Vitengarden og besøk dyra på garden.

Kva kan me læra:

  • Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
  • Får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen

Varigheit: 

1 time

Kan bestillast: 

Heile året

Send førespurnad