Potetsetjing

Kvar veks poteta? Kvar kjem poteta frå? Og kva kan ho brukast til?

Kort om opplegget:

Vitengarden skal på ny få setja poteter, eller eple som me seier på Jæren. I det høvet vil me invitera dykk i barnehagane til å vera med og setja poteter.

Jorda er ferdig opparbeida og klar. Lag gjerne eit skilt med barnehagen sitt namn på, som me kan setja der potetene dykkar står.

Her gjeld fyrste mann til mølla, så ver snar og finn ein dag det passar og reserver.

 

Kva kan me læra:

  • Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
  • Får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
  • Undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar

 

 

Barnehagar

Tidsrom: Veke 17 og 18

Tid: 09:00- 11:00 og 11:30- 13:30

Send førespurnad