Eksperiment med fornybar energi

Vass- og vindturbinar

Me set saman modellar vindturbinar og ser om me klarar å få dei til å produsera straum. Klarar me får lyset til å lysa, motoren til å sviva og høgtalaren til å laga lyd på straum laga av vind?

Me prøvar au å få vassturbinen til å laga straum. I Noreg får me mesteparten av straumen vår frå vasskraft. Kva er det og korleis verkar det?

 

Kva kan me læra:

  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
  • Utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på
  • Utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt
  • Vert kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar

Tid: Heile året

 

Send førespurnad