Ledig stilling: pedagog, Vitengarden

Vitengarden har ledig ein fast, 100% stilling som pedagog.

Formidlinga vår

Jærmuseet skal formidla kunnskap og forståing gjennom oppleving, deltaking og utforsking. Formidlinga i Jærmuseet skal opplevast som relevant, aktuell og utfordrande.

Prinsippet ”å læra ved å gjera” ligg til grunn for pedagogiske opplegg frå Jærmuseet. Målet med dette er å knyta saman teoretisk og praktisk erfaring, og å inspirera til undring, engasjement og refleksjon. Me vil gje læringsopplevingar som skil seg frå skulekvardagen. 

Formidlingsopplegga våre er knytt til realfag, historie og gardsdrift, og gjerne ei blanding der alle desse fagområda og meir til er med. Døme på desse kan vera: Regnbogekjemi, potetsetjing og -opptak, dyra på garden, livet i vatnet, fornybar energi, byggeskikk eller «kven har bæsja?»

Om stillinga

Pedagogen skal ha hovudansvar for formidling til barnehagar som kjem på besøk, men skal òg formidla til andre typer grupper. Det kan vera alt frå grunnskule til pensjonistgrupper eller ei bedriftsgruppe som vil ha omvising. Som tilsett i Jærmuseet vert du fort ei potet, som tek i eit tak der det oppstår eit behov.

Formidlinga vår skal vera eit supplement til barnehage og skule. Me har fokus på stor grad av praktisk læring og utforsking. Formidlingsopplegga våre passar godt inn i rammeplan for barnehage og læreplan for skule.

Pedagogen vert ein del av teamet på Vitengarden kor alle jobbar i lag for å skapa ei god oppleving for gjestene våre, i eit triveleg miljø. Totalt er det fem pedagogar på avdelinga, men nokre har stillingar som er delt med andre avdelingar.

Jærmuseet har ein strategiplan som omtalar temaa våre.

Arbeidsoppgåver

  • Drive formidling primært til barnehagar
  • Formidla både realfag og historie
  • Formidla til, og ta imot, alle typer gjester
  • Utvikla og vidareutvikla undervisingsopplegg
  • Bidra til dagleg drift og ettersyn av utstillingane
  • Bidra i prosjektarbeid, til dømes utstillingsprosjekt
  • Må kunne bidra på nokre arrangement og publikumsaktivitetar på kveldstid og i helger
  • Bidra med kompetanse og erfaring på tvers i Jærmuseet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Like praktisk undervisning
  • Verdsetja leikande didaktikk
  • Stor interesse for dyr, landbruk og mat
  • Interesse for realfag og historie
  • Kunne formidla på norsk og engelsk
  • Trivast med ein hektisk arbeidskvardag
  • Kunne arbeida sjølvstendig og i team
  • Vera serviceinnstilt og fleksibel
  • Førerkort klasse B
  • Alle tilsette må levera godkjent politiattest før tilsetjing

Jærmuseet ønskjer mangfald i staben, og alle kvalifiserte personar vert oppfordra til å søkja, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder og funksjonsevne. 

Det vil verta lagt vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna til stillinga.

Jærmuseet tilbyr:

  • Fast 100 % stilling
  • Ein variert og til tider travel arbeidsdag, i eit triveleg miljø
  • Spanande formidlarrolle på ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

Kollegiet på Vitengarden:

På Vitengarden vil du jobba i lag med ein flott gjeng av ulike menneske med mykje kompetanse og mange interesser. 14 personar har sin daglege arbeidsplass på Vitengarden. I tillegg vil du treffa på fleire tilsette som jobbar andre stader i Jærmuseet, men som òg brukar noko av tida si på Vitengarden.

Staben på Vitengarden har utanom avdelingsdirektør og pedagogar, kokkar, reinhaldarar, teknikar, butikk- og resepsjonsansvarleg, gardsstyrar som òg er vaktmeister og avløysar. I tillegg har me nesten 20 ungdommar som er vertar i helgene, på arrangement og når me treng ekstra ressursar. Denne kombinasjonen av folk gjev oss ein unik arbeidsplass og eit godt arbeidsmiljø.

Vil du vite meir om stillinga?

Ta kontakt med avdelingsdirektør på Vitengarden:

Helene Østby Larsen

Telefon: 45 25 48 17

E-post: hl@jaermuseet.no

Eit par glimt frå undervisningssituasjonar ved Vitengarden: