Torsdag 14. september opna ei utstilling med edderkoppar, skorpionar, kakerlakker, tusenbein, biller og mange andre spennande kryp på Vitengarden. Ordførar i Hå, Jonas Skrettingland og Remi Sørstø Andersen frå Akvariet i Bergen stod for opninga. Med var også Petter Jordan som er ekspert på edderkoppar og andre insekt.

Breidablikk kulturbarnehage bidrog med sang om Herr Kakerlakk og Petter edderkopp. 3 trinn frå Husabø skule og Vålandhaugen barnehage var gjester og fekk oppleve mange rare, fine og spennande kryp. Nokon av krypa kan du sjå her, men det finnes mange fleire. Utstillinga vil vera open for publikum fram til 26. november.

Som regionalt vitensenter skal Vitengarden formidla dei grøne naturvitskapene. Kravlande kryp går rett inn i dette temaet, og det er utvikla eigne opplegg for skuleelever særleg tilpassa kompetansemåla. Utstillinga vil og vera hovudaktiviteten i haustferien med muligheit for barn å vera med på handtering av kryp. Dette må du reservera plass til ved ankomst i resepsjonen.  

Foto: Therese Espeland, Jærmuseet