Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola,Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har i dag 70 årsverk og driv 13 ulike besøksanlegg i sju kommunar. Hovudarbeidsplass Vitengarden er ”Vitensenteret midt i matfatet” kor publikum blir invitert til å vera aktiv og utforska naturvitskap og historie på nye og spennande måtar. Vitengarden har eit særleg ansvar for dei ”grøne” naturvitskapane, og formidlar opplevingar og kunnskap knytt til kulturlandskap, reiskapsutvikling, jordbruk og matproduksjon gjennom ulike tidsperiodar, men med hovudvekt på det moderne Jæren.

Har du erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet eller vidaregåande skule? Trivst du i ein undervisningssituasjon med barn i alle aldrar? Liker du å leika?  Har du godt humør og klarer å ta ting på sparket? Er du i tillegg som poteta og kan brukast til alt? Ja, då kan du vera den me ser etter.

Du må gjerne vera både pedagog og realist, eit snev av sirkusartist er heller ikkje å forakta, samt sosial, kreativ og nysgjerrig.

Men høgare utdanning innan realfag må du ha, helst mastergrad/hovedfag i biologi, geofag eller fysikk, men matematikk, eller ingeniørfag er heller ikkje å forakta. Om du i tillegg klarer å gjera ting i praksis i staden for i teorien blir me endå gladare.

Me blir heller ikkje leie oss om du sit på det som for andre er store mengder nyttig og unyttig informasjon.

Du må og kunne gjera deg forstått både på norsk og engelsk, samt å kunne skriva både nynorsk og bokmål.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta i mot ulike typer grupper, til dømes  barnehage, grunnskule, vidaregåande og andre type grupper. Opplæring vil bli gitt.
  • Utarbeida nye undervisningsopplegg innan realfag
  • Vera med å utvikla nye utstillingar
  • Drift og vedlikehald av utstillingar
  • Utvikla og gjennomføra lærarkurs innan realfag og teknologi

Arbeidstad/kontorplass på Vitengarden, Nærbø.

Me kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Pensjonsavtale gjennom KLP
  • Kreativt arbeidsmiljø

Interessert?

Send søknad med CV til vitengarden@jaermuseet.no

Søknadsfrist: 30. nov

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Helene Østby Larsen tlf: 45254817