Ledig stilling: Avløysar

Vitengarden er på jakt etter ein avløysar i 50% fast stilling.

Me treng ein person som kan stella dyra på garden samt delta i generelt arbeid på garden/anlegget.

Heile anlegget skal haldast i presentabel stand, og stillinga skal óg bidra til vedlikehald og drift av bygg og uteområde.

Alle tilsette på Vitengarden er i kontakt med besøkande frå skular, barnehagar og andre gjester på anlegget.

Ved behov kan det vera aktuelt å delta i arbeid på andre av Jærmuseet sine anlegg.

Arbeidsoppgåver

  • Stelling av dyra på garden (hester, høns, gjess, griser, kyr og sauer)
  • Generelt gardsarbeid
  • Vedlikehald av uteområdet
  • Vedlikehald og drift av bygningar

Kvalifikasjonskrav og eigenskapar

  • Agronom- eller anleggsgartnerutdanning er ein fordel
  • Erfaring med dyrehald kjem godt med
  • Førerkort klasse B og T
  • Kunne kommunisera på norsk, muntleg og skriftleg
  • Trivast med ein hektisk arbeidskvardag
  • Kunne arbeida sjølvstendig og i team
  • Vera serviceinnstilt og fleksibel
  • Før tilsetting må gyldig politiattest leverast

Jærmuseet tilbyr:

  • Fast stilling
  • Variert arbeidsdag med oppgåver i eit triveleg miljø, ute og inne
  • Arbeidstid etter avtale, fordelt på minimum 4 dagar i veka
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • God pensjonsordning
  • Lønn etter avtale
  • Oppstart medio august eller etter avtale

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Avdelingsdirektør Helene Østby Larsen

Telefon 452 54 817

E-post: hl@jaermuseet.no

Søknad

Søknad på stillinga må sendast på lenka som du finn på denne sida.

Frist: 20. juni 2021

Om Vitengarden

Vitengarden er eit kombinert vitensenter og museum på Nærbø – midt i matfatet på Jæren.

På Vitengarden kan du læra ved å gjera. Interaktive utstillingar ute og inne fortel om landbruket på Jæren, moderne matproduksjon, energi, teknologi og natur.

På museumsgarden kan ein oppleva levande husdyr og eit gardsmiljø frå 1950-talet med gjess, hester, høns, kyr, grisar og sauer. Les meir om Vitengarden her.

Om Jærmuseet

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Museet har ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar, i tillegg til det omreisande vitensenteret Science Circus.

Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling.Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.

I 2009 fekk Jærmuseet prisen for Årets Museum i Noreg. Same året vann òg museet «the European Michelletti Award» for beste teknologiske museum.

Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000. Les meir om Jærmuseet her.