Jærmuseet søkjer avløysar

Vitengarden har ledig ei fast 50% stilling som avløysar.

På Vitengarden treng me ein person som kan stella dyra samt delta i generelt arbeid på garden/anlegget.

Heile anlegget skal haldast i presentabel stand, og stillinga skal óg bidra til vedlikehald og drift av bygg og uteområde.

Alle tilsette på Vitengarden er i kontakt med besøkande frå skular, barnehagar og andre gjester på anlegget.

Ved behov kan det vera aktuelt å delta i arbeid på andre av Jærmuseet sine anlegg.

Arbeidsoppgåver:
  • Stelle dyra på garden (hestar, høner, gjess, griser, kyr og sauer)
  • Generelt gardsarbeid
  • Vedlikehald av uteområdet
  • Vedlikehald og drift av bygningar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Agronom- eller anleggsgartnerutdanning er ein fordel
  • Erfaring med dyrehald kjem godt med
  • Førerkort klasse B og T
  • Kunne kommunisera på norsk, munnleg og skriftleg
  • Trivast med ein hektisk arbeidskvardag
  • Kunne arbeida sjølvstendig og i team
  • Vera serviceinnstilt og fleksibel
  • Før tilsetting må gyldig politiattest leverast
Me kan tilby:
  • Fast 50% stilling
  • Variert arbeidsdag med oppgåver i eit triveleg miljø, ute og inne
  • Arbeidstid er dagtid måndag – fredag, fordelt på minimum 4 dagar i veka
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • God pensjonsordning
  • Løn etter avtale

Søknadsfrist 15. august 2022.

For meir informasjon eller spørsmål kontakt avdelingsdirektør Helene Østby Larsen, telefon 45254817.

Viss du ikkje får svar på telefon, send ein sms så ringjer me tilbake.