Biogassutstillinga «Mykje lort og mykje varme» er opna!

Torsdag 6. april opna ei ny utstilling på Vitengarden. Den har fått namnet "Mykje lort og mykje varme".

Same dag opna òg IVAR IKS sitt nye biogassanlegg på Grødaland. Dette vert eit av Noregs største biogassanlegg for mottak av slam og matavfall frå privathusholdningar, industri og næringsliv.

I utstillinga på Vitengarden, som ligg ein kilometer frå IVAR sitt anlegg, skal barn og unge få produsera sin eigen gass og forstå at avfallet er ein ressurs, kva avfallet vert brukt til og korleis landbruket i ein husdyrtett region kan bidra positivt til å skaffe fornybar energi og å minska utsleppa av klimagassar. «Mykje lort og mykje varme» skal synleggjer for skuleklassar og publikum generelt kva matavfall, våtorganisk avfall frå industri og næringsliv, og slam frå rensenalegg på Jæren kan brukast til.

 

Støtta av Morgendagens helter

Utstillinga på Vitengarden er støtta gjennom Statoil sitt program, Morgendagens helter, og er ein del av SKAPE-prosjektet til Jærmuseet. Gjennom dette prosjektet, skal det særleg arbeidast med å utvikla gode læringsarenaer for skular. Blant anna har ein mastergradsstudent ved NTNU særleg sett på biogassutstillinga og læringsutbytte for elevane. Prosjektet vil fortsetja, med kontinuerleg evaluering og forbetring av både utstilling og undervisningsopplegg.

Lortesang og lortekake på opninga

På sjølve opninga var nærare 130 gjester med. Gjestene vart naturlegvis frakta mellom anlegga i bussar som gjekk på buogass. Konstituert statssekretær i mat- og landbruksdepartmentet Terje Halleland stod for opninga hjå IVAR medan på Vitegarden hadde han med seg årets unge bonde, Ingve Bertnsen til å offisielt opna dørene til utstillinga. På menyen stod høne, som for mange vert rekna som avfall – for andre ein delikatesse. Og naturlegvis var det lortakake til desert.

Utstillinga vil vera open i vanleg opningstid, og det er laga eigne formidlingsopplegg for skuleklassar. Grupper kan og bestilla omvisning.

 

Nokre glimt frå opninga: