11. februar - 18. februar
Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Har du lyst til å bli betre kjent med hagefuglane våre og kanskje lage fuglemat? I vinterferien er det fugl som står på programmet på Vitengarden.

Hjå oss kan du studera fuglane på foringsplassen vår med kikkert. I tillegg kan du lære meir om årets fugl som i år er Tjelden , og delta på fugle quiz og vinna flotte premiar.

Det vert snikkerverkstad med anledning til å lage fuglekasse eller fuglematar i tre. Byggjesett til verkstaden kan ein kjøpe for 100 kr per stk i resepsjonen til enkelte klokkeslett.

Elles vil utstillingane både ute og inne vera opne. Kyrne står i fjoset, grisene eri grishuset medan sauene og hestane er ute og luftar seg på dagtid. Her er det mykje å utforska for store og små.

Kafeen serverer påsmurt, varmrettar, pølser, kaffi og is.

 

Opningstider

Sundag kl. 12 – 17

Mandag – fredag kl. 10-15

Laurdag STENGT

 

Velkommen til gards!