Tråd på pinnen 7. november 2020

7. november 09.30 - 15.00
Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø
495,-

Hei alle kjekke strikkefolk.

Me gjennomfører tradisjon tro arrangementet «Tråd på pinnen» og tilpasser innhald og organisering etter smittevernreglar som er gjeldande i forhald til covid – 19. Sitjeområde i kafeen blir hovudarena, her er det plass til 80 stk.  For å gjer dette til eit trygt arrangement er det viktig at alle som kjem er frisk, held 1 meter avstand og følgjer bordoppsettet me har.

Det er eit spennande og variert program for dagen (med forbehald om evt. endringar):

09.30 – 10.00 Velkommen, kaffi og te (Dørene opnar kl. 09.15)

10.00 – 11.15 Mannekengoppvisning og presentasjon av  A knit story

11.15 – 11.30 Presentasjon av butikk Norheim Gard Topdal

11.30 – 13.00 Lunsj – Tradisjonssuppe med heimelaga godt brød

13.00 – 13.30 Prosjekt Fritidsgarn av iiS Woodling v/Siv Elise Seland for Sandnes Garn

13.30 – 15.00 Spød, drøs, loddtrekning og tid til handel

ca. 14.00 –       Litt søtt attåt kaffien og loddtrekning

Butikkane A knit story,  Norheim Gard Topdal og museumsbutikken vil vere opne heile dagen.

 

Pris og påmelding
Pris per deltakar er kr. 495,- Dette inkluderer foredrag, lunsj – heimelaga god mat med godt brød, kaffi med noko attåt. Det vil òg vera god tid til eige strikk og drøs så finn fram strikketøyet og meld deg på ved å følge denne lenka:  https://www.netigate.se/a/s.aspx?s=920487X247566291X17076

 

For påmelding av fleire personar, fyll ut fleire påmeldingsskjema.
Faktura vert sendt ut på e-post. Påmeldinga er bindande. Kvittering på betaling stadfestar din plass.

Velkommen til strikkedag!