15. februar 09.30 - 15.00
Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø 495,-

Tråd på pinnen 15. februar 2020

 

Velkommen til ein gild strikkedag på Vitengarden.

0930 – 0945 Velkommen, kaffi, frukt og drøs

0945 – 1000 Popup butikk: Toves garn og brukskunst

1000 – 1200 Kurs med påmelding i forkant

1200 – 1300 Lunsj, heimelaga god mat frå vårt kjøkken

1300 – 1400 Foredrag : Yndestrikk

1400 – 1500 Kaffistrikk, loddtrekning og sosialt drøs

 

Foredrag:Yndestrikk

Yndestrikk består av to strikkeglade venninner, Ellinor og Kristine.  Dei er begge småbarnsmødre, så det har naturlig nok blitt strikka mest barneplagg foreløpig. Med henholdsvis to jenter og tre gutter, er dei opptatt av å skape plagg som passer godt til begge kjønn. Strikking gir stor skaperglede og er ei kjærkommen avkobling i kvardagen hos desse to. Yndestrikk lar seg inspirere av strukturstrikk og det vakre i det enkle. I tillegg er dei opptatt av at plagga skal vera både funksjonelle og fine kvardagsklede.

Popup butikk

Toves er ein koseleg gåve, interiør, klede og garnbutikk i sentrum av Egersund. Dei tek med seg ulike typar garn og fortel om butikken.

Kursoversikt:

Du kan kun melda deg på eit kurs eller velga kafestrikk.

Dobbeltsidig flettestrikk – Tone Cecilie Nystrøm

På dette kurset lærer du å strikke fletter som er like fine både på rettsida og vrangsida av arbeidet.  Desse flettene er flotte å bruke på skjerf, halsar, jakker som ikkje skal vera lukka osv. Du får mest ut av kurset om du har strikka fletter før, og om du kan lese enkle diagram.

Du må ha med garn og pinnar som passer til garnet. Ein ekstra strømpepinne eller flettepinne.  Det er lurt å bruke lyst garn, fordi det er enklere å sjå kva du held på med

(15 stk)

Montering – Else Rugaard

Her lærer du å sy  forsterkning med symaskin og klippe opp til ermehull og framkant. Me ser på forskjellige måter å sy saman skuldre og å sy i ermer. Ta med prøvelapper av strikk til å øve på klypping og samansying, eller ein jakke/genser som er klar til montering. Ta med stoppenål som er butt i enden og tråd til å sy med. Viss du vil kan du ta med din eigen symaskin. Dersom det er tid ser me på ulike knappestolper, og skjuling av sårkanter med belegg eller bånd , ta med garn og  pinner til å plukke opp masker til stolpekant enten på prøvelappen eller på eit plagg.

(8 stk)

«Fikse, sy, reparer på ullstrikk» – Laila Nedrebø Jensen

Deltakarane treng ha med seg, tråd til å stoppe med lik eller ulik det som skal stoppast. Saks, fingerbøl om dei er vane med det, stoppesopp om dei har, og stoppenål som skal være butt i enden.

(15 stk)

Babylue – Yndestrikk

Syns du det er vanskelig å forstå korleis du strikker eit mønster etter diagram? Me skal sjå på korleis ein kjem igang med å strikke etter ein oppskrift, og korleis strikke etter diagram. Me bruker Garntopia-kysen som utgangspunkt for å læra, og alle kursdeltakarane vil få denne oppskrifta. Ta med deg eit garnnøste som kan passe strikkefasthet 28 m per 10 cm, t.d Knitting for Olives Merino eller Sandnes Garn Tynn Merinoull. Du treng også rundpinne 2,5 og 3 mm. Må kunne legge opp og strikke rett og vrang.

(15 stk)

Nybegynner – lær å strikke – Elisebet Rugland

Her lærar du det som trengs for å kome i gang med eit strikketøy. Korleis legge opp, dvs. starte på eit strikkestøy, lære å strikke både rette og vrange masker, samt auke og felle masker. Ta med ullgarn, helst ein lys farge og pinnar som passar til garnet. Anbefaler rundpinne 3,5 mm lengde 60 cm/80 cm. Garn som kan passe er t.d smart, rubin, sterk, mitu.

Kort om forkortningar som blir brukt i strikkeoppskrifter.

(8 stk)

Kafestrikk

Sosialt drøs og strikk i kafeen.

Pris og påmelding
Pris per deltakar er kr. 495,- Dette inkluderer kurs, foredrag, lunsj – heimelaga god mat med godt brød, kaffi med noko attåt. Det vil òg vera god tid til eige strikk og drøs så finn fram strikketøyet og meld deg på ved å følge denne lenka: Trykk her for påmelding.

 

Grunna at du må velga kva kurs du vil vera med på, så kan du kun melde på ein og ein person i skjemaet. For påmelding av fleire personar, fyll ut fleire påmeldingsskjema.
Faktura vert sendt ut på e-post. Påmeldinga er bindande. Kvittering på betaling stadfestar din plass.

Velkommen til strikkedag!