Sommaraktivitet: Ertebygg

25. juni 2018 - 29. juni 2018
Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø

På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Her kan du bruka timevis med store og små barn, besøka dyra på garden, hoppa i høyet, kjenna på orkan i «Blåsten», prøva deg som menneskeleg jojo, laga biogass i  utstillinga «Mykje lort og mykje varme» eller kjempa mot roboten i ostepakking.

Denne veka vil kan du i tillegg til alle dei interaktive utstillingane bli med og bygga med erter og tannpirkarar. Kan du klara å laga ei kube, eller eit høgt tårn? Kva kjenneteikner ein stabil konstruksjon? Aktiviteten er kl 12-15.

Alle aktivitetane er gratis når inngangsbillett er betalt.

Kafèen serverer heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er sal av is, kaffe, brus og juice. Vitengarden er og tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.