Aktivitetsdag: Smak av haust

24. september 2023 12-17
Vitengarden

Hausten er, som namnet seier, tida då me haustar. Me haustar både frukt, bær og grønsaker. Hjå oss kan du denne dagen vera med og både hausta, smaka og konservera. I tillegg er dette tida då me slaktar lamma som skal bli til nydelege rettar som fårikål og pinnekjøt. I dag kan du få vera med og sjå korleis dei slakta på gardane før i tida.

Bli med på ulike aktivitetar som både vil gje læring og ikkje minst smaksoppleving:

  • Bli med i potetåkeren og ta opp potet/eple. Du kan kjøpa potetene du har tatt opp.
  • Lag mat med potet/eple som nyleg har kome opp av jorda.
  • Saueklypping med maskin
  • Slakting av sau på garden
  • Studer innvollane til sauen saman med vår pedagog
  • Smaksprøve på blodkomla og rabarbragraut
  • Smak på saueføter og sjå korleis det blir tilberedt
  • Spinn tråd av saueull
  • Lag syltetøy og ta med heim (20 kr)

I kafeen er det sal av komla, i tillegg til god lokal suppe, pasta, påsmurt, kaker og lappar.

Pris for komletallerken stor: 190 kr, liten 140 kr.

Utstillingane er opne både ute og inne.

Velkommen til gards!