Aktivitetsdag: Programmeringsdag med gratis inngang

Foto: Rune Helliesen
28. januar 12:00-17:00
GRATIS INNGANG
Er du interessert i programmering, eller kunne tenkt deg å læra litt meir om kva det er? Då er denne aktivitetsdagen for deg og din familie. I samarbeid med Equinor Morgendagens Helter inviterer me til programmeringsdag med gratis inngang for alle!
Kva kan du få vera med på denne dagen?
Lydlab – set saman lyd til filmusikk i soundtrap.
Sisyphus sandskriver – programmer geometriske figurer og la sisyphusen teikna dei i sand.
Micro:bit-orkester – her skal du programmere ein micro:bit til å kontrollere eit av instrumenta i micro:bit-orkesteret.
Bit:bot – her kan de kjøre bit:boten i ei løype med ferdigprogrammert micro:bit, eller laga koden sjølv.
Bee:bot – programmering for barn frå 4 år og oppover, der de skal få ei bie til å bevega seg i eit gitt mønster og få ei forståing for kva programmering er.
Trafikklys – du får lage ein kode i micro:bit for å få dei ulike fargane i trafikklyset til å lyse i rett rekkefølge.
I tillegg til alt dette er utstillingane opne, dyra på garden er klar for eit besøk og kafeen sel mat, drikke, kaker og is.
Du kan reservere billetter i forkant her men me tilrettelegg slik at du ikkje må reservere billett før du kjem.
Velkommen til ein gild programmeringsdag med gratis inngang og masse aktivitet på Vitengarden!