Stillinga
Utstillingsansvarleg skal ha hovudansvar for alle utstillingane på Vitenfabrikken. Utstillingane våre er basis for all formidling, og utstillingsansvarleg må kunne sjå utstilling og formidling i samanheng.
Utstillingsansvarleg må vera ein god prosjektleiar, og skal jobba tverrfagleg med ulike fagpersonar som mellom anna pedagogar, teknikarar og samlingsforvaltarar.
Utstillingsansvarleg skal vera med å få på plass nye utstillingar, og skal rehabilitera og vidareutvikla dagens utstillingar. Arbeidet skal følgjast frå idéfase til utstillingsopning og drift. Stillinga har òg overordna ansvar for vedlikehald av utstillingane som sikrar at dei fungerer som dei skal. Det gjeld både temporære og faste utstillingar.
Utstillingsansvarleg skal ha eit heilskapleg syn på Vitenfabrikken sin publikumsprofil.
Jærmuseet har ein strategiplan som omtalar temaa våre.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for alt utstillingsarbeid og utstillingsdrift på Vitenfabrikken
- Leia utstillingsgrupper
- Sikre gode prosessar i prosjektarbeid
- Sikre dokumentasjon, rapportering og arkivering
- Budsjettansvar i prosjekt
- Følge opp framdriftsplanar og utstillingsplanar
- Bidra med kompetanse og erfaring på tvers i Jærmuseet
- Bidra på andre avdelingar i Jærmuseet ved behov
Kvalifikasjonskrav og eigenskapar
- Høgare utdanning innan relevante fag
- Erfaring som prosjektleiar/teamleiar
- Stor interesse for design og interiør
- Gjerne erfaring frå arbeid med utstilling og/eller design
- Interesse for formidling
- Fordel med interesse for realfag og/eller historie
- Må kunne jobba strukturert og systematisk
- Trivast med ein hektisk arbeidskvardag
- Vera serviceinnstilt og fleksibel
- Beherske norsk muntleg og skriftleg
- Alle tilsette må levera politiattest før tilsetting
Jærmuseet ønskjer mangfald i staben, og alle kvalifiserte personar vert oppfordra til å søkja, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder og funksjonsevne.
Jærmuseet tilbyr
- Fast 100% stilling
- Ein variert og til tider travel arbeidsdag, i eit triveleg miljø.
- Ei spanande rolle på ein arbeidsplass i stadig utvikling
- God pensjonsordning
- Fleksibel arbeidstid
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale
Kollegiet på Vitenfabrikken
På Vitenfabrikken vil du jobba i lag med ein flott gjeng av ulike menneske med mykje kompetanse og mange interesser. 17 personar har sin daglege arbeidsplass på Vitenfabrikken. I tillegg vil du treffa på mange tilsette som jobbar andre stader i Jærmuseet, men som òg brukar noko av tida si på Vitenfabrikken.
Staben på Vitenfabrikken har utanom avdelingsdirektør og leiar for publikumsaktivitetane, kokkar, reinhaldarar, teknikar, pedagogar, driftsleiar, vertekoordinator, resepsjons- og butikkansvarleg og utstillingsvert. I tillegg har me over 20 ungdommar som er vertar hjå oss på kveldstid, i helgene og når me treng ekstra ressursar. Denne kombinasjonen av folk gjev oss ein unik arbeidsplass og eit godt arbeidsmiljø.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Avdelingsdirektør Vitenfabrikken John Arne Frafjord
Telefon 95 04 55 57
E-post: jaf@jaermuseet.no
Søknadsfrist:
15. oktober 2023
Litt foto frå utstillingane:












