Me søkjer: Leiar for publikumsaktivitetar på Vitenfabrikken

Er du ein engasjert, inspirerande og tydeleg leiar, kor evne til samarbeid, god kommunikasjon og direkte oppfølging av medarbeidarar er sentrale element? Då er kanskje du den personen me er på jakt etter. Stillinga er fast, 100%.

Hovudarbeidsområda vil vera overordna drifts- og økonomi-ansvar for arrangement, utleige, butikk, kafé og daglege publikumsaktivitetar. Utvikling av tilbodet med tanke på auka eigeninntekter, vil vera ei prioritert oppgåve. Stillinga vil òg ha rolla som nestleiar på avdelinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Stadfortredar for avdelingsdirektør
  • Overordna ansvar for arrangement, utleige, kafé- og butikkdrift
  • Utvikling av kommersielle aktivitetar som t.d. kafé og butikk
  • Personalansvar
  • Budsjettansvar
  • Koordinering av alle typar arrangement på avdelinga
  • Koordinering av marknadsføring
  • Ansvar for oppfølging av bookingar
  • Vera aktivt vertskap på arrangement
  • Bidra på andre avdelingar med kompetanse, kunnskap og erfaring

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Leiarerfaring, gjerne frå privat verksemd
  • Høgare utdanning innan relevante fag
  • Interesse for, og kunnskap om realfag og historie
  • Forståing for museet og vitensenteret sitt samfunnsoppdrag
  • God økonomisk forståing
  • Erfaring med budsjettarbeid og oppfølging av KPI-ar
  • God teknisk innsikt
  • God formidlingsevne og formidlingsglede
  • God kommunikasjonsevne
  • Vera oppteken av å skapa gode relasjonar og godt samarbeid internt i Jærmuseet og eksternt
  • Ha pågangsmot, handlekraft og gjennomføringsevne
  • Endringsorientert, nytenkande og tilpasningsdyktig
  • Snakka flytande norsk og engelsk, samt kunne skriva bokmål og nynorsk

Jærmuseet tilbyr:

  • 100% fast stilling
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • Kreativt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid, noko kvelds- og helgejobbing
  • Løn etter avtale
  • Kontorplass på Vitenfabrikken, Sandnes

Om arbeidsgjevar:

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har i dag ca 70 årsverk og driv 13 ulike besøksanlegg i sju kommunar. Vitenfabrikken er eit kombinert vitensenter og museum lokalisert i Sandnes, der publikum vert oppfordra til å delta og utforska. Hovudtema i utstillingane er: Matematikk, astronomi, energi, regional industrihistorie og Sandnes by si historie. Gjennom aktive formidlingsmetodar er målet å vekkja spesielt barn og unge si interesse for realfag. Vitenfabrikken skal vera ein kunnskapsrik og inspirerande møteplass i regionen.

Vitenfabrikken har rundt 75.000 besøkande i året. Desse fordeler seg på ca. 30% skular og barnehagar, ca. 60% er ferie- og fritidsgjester og ca. 10% er bedriftsarrangement og utleige.

Søknadsfrist 4. oktober 2020.

Søknad med CV skal sendast til: ledigstilling@jaermuseet.no   

For meir informasjon eller spørsmål kontakt:

Avdelingsdirektør Vitenfabrikken John Arne Frafjord

tlf: 950 45 557, e-post: jaf@jaermuseet.no

Marknadssjef Jærmuseet Elin Ravndal Bell

Tlf: 908 03 864, e-post: erb@jaermuseet.no