Sesongopning på Vistnestunet med Randaberg Hagelag

Søndag 19. april kl. 11.00 opnar Vistnestunet museumsgard sesongen i samarbeid med Randaberg Hagelag!

Her blir det aktivitetar for store og små. Vaksne kan bytta/kjøpa eller selja planter. Her kan barna laga blomekasse, planta stiklingar eller så frø, laga insektshotell og bygga fuglehus.

Dersom veret er godt, kan ein få sjå bier på nært hald (atterhald om godt ver). Det blir rebusløp i området, arrangert av Rogaland skogselskap.

Både kaféen og høyet i låven er opent heile dagen. Gratis inngang- men husk småpengar til aktivitetar og kafe.