Jul på Vistnestunet

25. november 2018 11.00-16.00
Vistnesveien 148
Gratis

I år som i fjor arrangerar me det årlege julearrangementet «Jul på Vistnestunet». Her inviterar me lokale aktørar til å selge heimelaga produkt (mat, strikkearbeid, interiør, klede og anna). Hovedfokuset er at varene er eigenproduserte – og me er stolte av at det er stor variasjon og høg kvalitet på varene. Som i fjor vil det i år og vere ein fotograf på plass, slik at ein kan ta julekortbileta.

I tillegg har me juleverkstad for ungane, med moglegheit for å pynte eigne pepperkaker (desse er kjøpt hos Landsbybakeriet og er kjempegode!). Ein kan og laga stearinlys av biboks. Dette er flotte julegavetips! Det er i tillegg ein gratis juleverkstad kor ungane kan laga dekorative julelenker og julehjerter i glanspapir. Alle juleverksted er opne kl. 11.00 – 15.30.

I kafeen (som er plassert i hagen) har vi sal av risgraut, saft, lappar, kaffe og anna godt. Vi tilbyr både glutenfri og melkefri alternativ.

Korpset speler jula inn ca kl 12.00!

Hesten Symona kjem ganske sikkert julepynta!

Me oppfordrar til samkøyring med naboen, eller ein fin sykkel- eller spasertur for å komma til Vistnestunet denne dagen. Uansett vil våre dyktige parkeringsvaktar vise veg.

Gratis inngang. Velkommen!