Fr\u00f8kedal & Familien sitt tredjealbum, Flora, er spelt inn l\u00e5t for l\u00e5t i l\u00f8pet av ei ti dagar lang studio\u00f8kt: \u00abMe l\u00e6rte oss songane ved \u00e5 spele dei live for publikum. Det kunne til tider vere halsbrekkande, men det var veldig \u00e6rleg. I studio spelte me inn live og hadde blikkontakt heile vegen.\u00bb, seier Fr\u00f8kedal.<\/p>\n
Fr\u00f8kedal & Familien har gjort seg bemerka med sin milde, tidvis eksentriske, folkpop. Dei har skapt eit s\u00e6reige lydbilete av vokal, elgitar, feler, orgel og trommer, samt klimpreinstrument som mandola og baglamas. N\u00e5 kjem bandet til Tungenes fyr for \u00e5 presentere musikken der han h\u00f8yrer heime: i eit rom med levande menneske til stades.<\/p>\n
L\u00e5tane p\u00e5 Flora strekk seg fr\u00e5 gyngade hippie-folk til indiepop og felerock. Musikken skildrar spennet mellom einsemd og framandgjering i ein kald verd \u2013 og draumen om tilknyting som alle har i seg.<\/p>\n
Fr\u00f8kedal & Familien har gjort ei rekkje turn\u00e9ar og festivalkonsertar i inn- og utland. Prosjektet har f\u00e5tt varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, Spellemann-nominasjon og har spelt live p\u00e5 BBC Radio6. Fr\u00f8kedal & Familien har ogs\u00e5 f\u00e5tt snuse p\u00e5 arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Dei trivst likevel aller best p\u00e5 mindre scener, der dei kan st\u00e5 tett og sj\u00e5 publikum i kvitauget.<\/p>\n
Fr\u00f8kedal: vokal, gitar
\nOlav Christer Rosseb\u00f8: fele, oktavfele, mandola, vokal
\nIngeleiv Berstad: fele, oktavfele, baglamas, perkusjon, vokal
\nErlend Ringseth: keys, vokal
\nElisabeth M\u00f8rland Nesset: trommer, vokal<\/p>\n
Foto cred – Vidar Landa<\/p>\n
—————————————————————————————————<\/p>\n<\/div>\n
28. mai 2021 20.00-22.00 Tungenesveien 217 Utsolgt Fr\u00f8kedal & Familien…<\/p>\n","protected":false},"featured_media":954,"template":"","categories":[3],"class_list":["post-953","activity","type-activity","status-publish","has-post-thumbnail","hentry","category-nytt-fra-tungenes-fyr","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"\n