Tungenes fyr opent søndagar

Fyret opnar for sesongen søndag 1. februar og held opent kvar søndag fram til midten av juni. I sommarsesongen har me opent kvar dag.

På fyret kan du oppleva korleis fyrvaktaren og familien arbeidde og levde i mellomkrigstida. Me kan også tilby kunst – og historiske utstillingar. I kafeen serverest alltid god heimebakst.

Opningstid er kl. 12 – 16.

Hjarteleg velkommen