Treng du lokale for møter, kurs eller samkomer? Runddager eller brullaup? Då kan Tungenes fyr vera akkurat det du ser etter, ein stad der lokalitet og omgjevnader dannar ei spesiell ramme rundt arrangementet.

På Tungenes fyr kan du leiga kaféen i den tidlegare betjentbustaden. Her kan det dekkjast til inntil 50 personar. Kaféen har middagstallerkenar, desserttallerkenar, bestikk, vinglas, kaffikoppar, asjettar, termokanner, vasar og telyshaldarar, kaffitrakter og vaffeljern.

Betjentbustaden blei bygd i 1959. Han er i dag noko ominnreia. I første etasje finn du kaféen. Kaféen er open parallelt med fyrmuseet og blir driven av kommunen i samarbeid med frivillege lag og organisasajonar. Her kan du hygga deg med kaker, vaflar og kaffi. Du kan òg kjøpa kort, plakatar, brosjyrer og andre trykksaker med informasjon om Tungenes fyr m.m.

Kafélokalet blir i tillegg brukt som utleigelokale. Her blir det halde konsertar, foredrag o.a. i kommunal og privat regi.

I sommarhalvåret er det muleg å setta opp partytelt, slik det vert plass til fleire gjester.

Kjøkkenet er moderne med kjøleskap, oppvaskemaskin, fryseskap og komfyr.

Det er òg muleg å avtala omvisning i fyrmuseet og aktuelle utstillingar. Det er ikkje muleg med overnatting.

Ynskjer du å leiga Tungenes Fyr? Ta kontakt med Servicetorget i Randaberg kommune. E-post: servicetorget@randaberg.kommune.no / telefon 51414100