Skuletilbod

I Torpedoverkstedet tilbyr Jærmuseet undervisning for ungdomsskule og vidaregåande skule.

Utstillinga tar for seg forskjellige delar av krigen gjennom personhistoriar. Åtte personar med tilknyting til Rogaland er presentert gjennom monologar, bilete, tekst og gjenstandar.

Her kan elevane få:

  • Sjå ein introfilm om andre verdskrig
  • Oppleva utstillinga, blant anna med utdelte audioguidar
  • Diskusjon og refleksjon knytt til tema og personhistoriar i utstillinga

Frå fagfornyinga:

Samfunnsfag, etter 10. trinn:

  • Drøfte korleis framstillingar av fortida, hendingar og grupper har påverka og påverkar haldningane og handlingane til folk
  • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
  • gjere greie forårsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som holocaust, og reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast

Trinn: ungdomsskule og vidaregåande

Varigheit: 1 time

Kan bestillast: alle vekedager gjennom heile året.

Pris: Gratis for grunnskule. Vidaregåande betaler kr. 30 per elev, og kr. 300 for opplegget.

Send bestilling til eirik.gurandsrud@jaermuseet.no