Newtons bil

Me bygger bilar som både viser og nyttar Newtons lovar

Tilpassa læreplanen 4.- 7. trinn

Anbefalt tid: 45 min

Dette er eit av våre mest opne og utforskande opplegg. Elevane får utdelt litt utstyr og får eit oppdrag. Derifrå må dei sjølv finne ut kva som skal til for at ein bil skal kjøre beint, og korfor i all verden dei treng eit sugerør for å bygge ein bil. Elevane arbeider saman i grupper på 2-3 elevar. Oppdraget: å bygge ein bil som kan renne rett langs eit skråplan og trilla lengs mogleg bort golvet. I løpet av opplegget har elevane diskutert, designa, redesigna og forbetra bilen sin, og dei har vore innom alle tre av Newtons lovar. Me diskuterer med elevane og gjer hint undervegs til korleis dei kan bruka fysikk til å laga ein best mogleg bil, men arbeidet og resultatet kjem frå elevane sjølve.

Me treng eit vanleg klasserom, eller tilsvarande, for å gjennomføra opplegget. Ut over det har me med oss alt som trengs. Om det er ein lang gang eller liknande i nærleiken nyttar me oss gjerne av denne til utprøving og billøp i slutten av timen.

 

Frå fagfornyinga:  

Naturfag: 

Etter 10.trinn:  

  • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar  
  • analysere og bruke innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger 

 

Etter 7.trinn: 

  • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar 
  • skille mellom observasjoner og slutninger, organisere data, bruke årsak-virkning-argumenter, trekke slutninger, vurdere feilkilder og presentere funn 

 

Etter 4.trinn: 

  • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar 
  • utforske teknologiske systemer som er satt sammen av ulike deler, og beskrive hvordan delene fungerer og virker sammen 
  • designe og lage et produkt basert på en kravspesifikasjon 

Send førespurnad