Bygg ein el-bil

Tilpassa læreplanen 8.-10. trinn

Anbefalt tid: 60 min

Dette er eit av våre mest opne og utforskande opplegg. Elevane får utdelt litt utstyr og får eit oppdrag. Dei må sjølv finne ut kva som skal til for at ein bil skal kjøre beint og korfor i all verden dei treng eit sugerør for å bygge ein el-bil. Elevane arbeider saman i grupper på 2-3 elevar. Dei begynner med å bygge ein enkel bil som kan renne rett langs eit skråplan. Derifrå fortsetter dei med å bygge ein el-bil drevet av ein el-motor med propell. I løpet av opplegget har elevane diskutert, designa, redesigna og forbetra bilen sin. Dei har og vore innom alle tre av Newtons lovar. Me diskuterer med elevane og gjer hint undervegs til korleis dei kan bruka fysikk til å laga bilen best mogleg. men arbeidet og resultatet kjem frå elevane sjølve.

Me treng eit vanleg klasserom, eller tilsvarande, for å gjennomføra opplegget. Ut over det har me med oss alt som trengs. Om det er ein lang gang eller liknande i nærleiken nyttar me oss gjerne av denne til utprøving og billøp i slutten av timen.

Send førespurnad