Ta vitensenterpedagogikken med inn i di undervisning.

Lærarkursa kan bestillast av kommunar eller av ein eller fleire skular. Alle kursa tar for seg område innan dei to nye områda i den nye læreplanen: Forskarspira og Teknologi og design.

Mange lærarar i grunnskulen må undervisa i fag dei ikkje har utdanning i. For å hjelpa dei og andre har me laga eit kurs som baserer seg på å gje lærarane tips og idear til meir interaktivitet i undervisninga. Det er lagt vekt på at eksperimenta skal vera enkle og billege og ikkje krev for mykje førearbeid.

Alle lærarkursa består av ”matnyttige” og interaktive eksperiment/forsøk som kan brukast direkte ute i undervisninga med elevane. Mykje praktisk jobbing på kursa!

Det er ikkje stilt noko krav til forkunnskapar.

Me kan halda kursa ute på ein skule eller på Vitengarden etter ønske.
I nokre av kursa kan de velje mellom heildags- eller halvdagskurs (7 eller 4 klokketimar).

Interessert?
Ta kontakt med
Magne Hognestad, tlf.: 952 94 536 eller e-post: magne.hognestad@jaermuseet.no


091002erb001_100_u_tillatelse «Fysikksløyd»
For lærarar på 4.-10. trinn
Tidsforbruk: 7 timar.

I dette kurset lagar me enkle og billege eksperiment. Ein del av eksperimenta har sterk tilknyting til det nye temaet Teknologi og design. Me bygger og designar med papirrør og spagetti. Me undersøker styrken i konstruksjonane me har bygd. I tillegg lagar me mange enkle, men artige eksperiment i fysikk.


HM05_m_tillatelse «Kjøkkenkjemi I – Syre, basar og vatn”
For lærarar på 5.-10. trinn
Tidsforbruk: 4 eller 7 timar

Eit kurs der me tek for oss eigenskapane til vatnet og syrer og basar som vi omgjev oss med i kvardagen. Her er mange kjemiske eksperiment med utgangspunkt i det du finn i kjøkkenbenken.
Kurset er tverrfagleg med mat og helse.


HM03_m_tillatelse «Astronomi»
For lærarar på 1.-10. trinn
Tidsforbruk: 7 timar.

I kunnskapsløftet er lagt meir vekt på astronomi. I dette kurset tek me for oss solsystemet og går inn på dei forskjellege planetane. Ein viktig del av dette er å visa dei enorme avstandane i universet og storleiken på dei forskjellege himmellekamane. Me tek også for oss Big Bang og ei stjerne frå fødsel til død.
Ein del av kurset går for seg i det oppblåsbare planetariet. Der lærer me enkle måtar å finne fram til ein del sentrale stjernebilde på himmelen og de får historier frå gresk og samisk mytologi.


HM04_m_tillatelse ”Teknologi og design med fly og rakettar”
For lærarar på 1.-10. trinn
Tidsforbruk: 4 timar

I dette kurset har me lagt vekt på design, konstruksjon og funksjon i ulike typar fly og rakettar. Vi bygger og testar ut forskjellege eigenutvikla fly og rakettar. Vi kombinerer dette med matematikken og viser ein enkel måte å rekna ut kor høgt raketten går.
Kurset er eit godt utgangspunkt for å koma i gang med forskarspira.


HM01_m_tillatelse ”Lys, Syn og Farge”
For lærarar på 1.-10. trinn
Tidsforbruk: 4 eller 7 timar

I dette kurset tek me for oss kjekke eksperiment. Lærarane får prøve ut og bygge enkle og billege eksperiment. Vi tek for oss korleis hjernen blir narra ved synsbedrag, auga si oppbygging, korleis det er å vera blind og mykje meir.