Jærmuseet dokumenterer heiaføring og sauehald.

Tidleg på sommaren blir årleg 40.000 sauer frakta frå låglandet langs kysten til høgheiene og fjellbeite i Hunnedal, Sirdal og Setesdal. I heia har bøndene organisert seg i beitelag, eller dei overlèt sauene til heiesjefar gjennom sommarmånadane. Heiasjefane organiserer også sankinga på seinsommaren, og held fram med å leita etter sauene utover hausten til alle er i hus.

Heiasjefar som gjer avtalar med grunneigarane og tek over ansvaret for sauene gjennom sommaren er unikt for dette området. Me må til landa kring Middelhavet for å finna liknande ordningar. Ordninga har overlevd sidan byrjinga av 1800-talet, me trur det er fordi ho har evna å tilpassa seg endringar i samfunnet elles. I 1994 dokumenterte Jærmuseet denne ordninga. No har me starta eit prosjekt for å dokumentera både dette samt heiaføring av sau og sauehaldet i 2015 og 2016. Me har vore med på samling og skiljing, og besøkt fleire sauebønder og heiasjefer – og vil gjere meir av dette framover. Planen er at resultata av dette dokumentasjonsarbeidet skal bli ei utstilling på Vitengarden i 2017.