Organisasjonen

Stiftinga Jærmuseet
er det regionale vitensenteret for Rogaland og Agder og regionmuseum for Jæren, stifta i 1985 av kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå.

Jærmuseet sitt hovudkontor ligg på Vitengarden, Nærbø i Hå kommune.

Museumregion Jæren
Museumsregion Jæren er den folkerikaste museumsregionen i Rogaland med nær 165.000 innbyggarar, og omfattar kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå.

Rogaland er delt i fem museumregionar med kvar sitt regionmuseum:
Nord-Rogaland/Haugalandmusea
Ryfylke/Ryfylkemuseet
Stavanger/ Museum Stavanger MUST
Jæren/Jærmuseet
Dalane/Dalane Folkemuseum

Avdelingar:
Jærmuseet består i dag av seks avdelingar: Vitengarden på Nærbø, Vitenfabrikken i Sandnes, Tungenes fyr, Randaberg, Nasjonalt Garborgsenter, Bryne, avdeling for bygningsvern og temamuseum og avdeling for samlingar og dokumentasjon.
Jærmuseet har og eit «vitensenter på hjul», Science Circus, som reiser rundt til grunnskulane i Rogaland og Agder-fylka.

Vitengarden er fellesnemninga for museumsbygningane og utstillingane på Kvia, Kvia 4H- og museumsgard, Audamotland og museumsområdet.
Avdelingsleiar: Helene Østby Larsen

Vitenfabrikken er namnet på museumskvartalet i Sandnes. Thranegården og fleire mindre antikvariske anlegg i Sandnes er også del av avdelinga Vitenfabrikken.
Avdelingsleiar: John Arne Frafjord

Tungenes fyr: Kystverket sitt etatsmuseum – Kystverkmusea –
blei formelt opna i september 2008. Etatsmuseet består av dei fire institusjonane Lindesnes fyrmuseum, (koordinerande ledd), ,Jærmuseet/Tungenes fyr, Sunnmøre Museum/ Dalsfjord fyrmuseum og Museum Nord/Lofofmuseet som til saman skal bidra til dokumentasjon, bevaring, forsking og formidling innanfor heile Kystverket sitt virkefelt. Dei fire institusjonane i Kystverkmusea deler Norge mellom seg, både geografisk og fagleg. For Jærmuseet/Tungenes fyr sin del inneber det eit musealt ansvarsområde som dekker Kystverket sitt 2. distrikt (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) og fokus på følgjande fagområde innanfor Kystverket: trafikksentraltenesta og los.
Avdelingsleiar: Eirik Gurandsrud

Nasjonalt Garborgsenter
Våren 2008 overtok Jærmuseet driftsansvaret for Nasjonalt Garborgsenter.
Garborgsenteret er ein nasjonal formidlingsarena for forfattarane Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Senteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass.
Senteret blir formelt opna av kulturminister Anniken Huitfeldt 5. september 2012.
Garborgsenteret ligg sentralt i Bryne og er samlokalisert med Time bibliotek.
Avdelingsleiar: Inger Undheim

Avdeling for bygningsvern og temamuseum
Jærmuseet har driftsansvaret for bygningar og samlingar til Hå bygdemuseum med Grødaland og Varden Sjøredningsmuseum, Gjesdal bygdemuseum med m.a. gardsanlegget Limagarden, Klepp bygdemuseum med Haugabakka og samlingane til Randaberg bygdemuseum med Vistnestunet.
Frå og med 1. januar 2012 har Jærmuseet og overtatt driftsansvaret for Rogaland krigshistoriske Museum og Flyhistorisk Museum Sola.
Desse musea er samla i ei avdeling som samtidig har det overordna ansvaret for vedlikehald og oppfylgjing av alle antikvariske bygningar i Jærmuseet.
Avdelingsleiar: Hans Dybwad Olesen

Avdeling for samlingsforvaltning og dokumentasjon
Arbeidet med samlingsforvaltning og dokumentasjon er organisert på tvers av avdelingane. Samlingsarbeidet blir leia av sjefskonservator/ass. direktør Målfrid Grimstvedt

Frå 2006 får også Hå gamle prestegard statstilskot via Jærmuseet, og besøkstala for HGP bli inkludert i vår rapportering til den offisielle museumsstatistikken.

Regionalt vitensenter for Sørvestlandet
Utdannings- og forskingsdepartementet (nå Kunnskapsdepartementet / KD) oppretta i 2003 seks regionale vitensentra som skal ha ansvaret for å formidla vitensentertilbod til sine regionar.Jærmuseet er tildelt ansvaret for Sørvestlandet, dvs. Rogaland og Agder-fylka.

Det er nå etablert eit eige vitensenter i Arendal, «Vitensenteret Sørlandet», som september 2013 fekk regional status.

Det regionale vitensenteret omfattar avdelingane Vitengarden, Nærbø, Vitenfabrikken, Sandnes og det omreisande realfagsprogrammet Science Circus.

Dei andre regionale vitensentraene er:
Norsk Teknisk Museum, Oslo
Vitensenteret Innlandet, Gjøvik
VilVite (Bergen Vitensenter), Bergen
Vitensenteret (Midtnorsk Vitensenter), Trondheim
Nordnorsk Vitensenter, Tromsø
INSPIRIA Science Centre, Sarpsborg
Vitenlaben Grenland, Porsgrunn

Her finn du lenk til Nettverket av norske vitensenter

FINANSIERING OG TILSKOT
Jærmuseet har i 2012 eit samla driftsbudsjett på om lag 50 mill. kroner
Faste offentlege tilskot til drift er om lag 37 mill. kroner. I tillegg kjem prosjekttilskot og sponsorinntekter/gåver.

I 2012 blei det i Jærmuseet utfør vel 60 årsverk.

PUBLIKUMSBESØK
I 2012 hadde Jærmuseet til saman vel 174.000 gjester, inkludert besøkstala for Hå gamle prestegard var den samla summen 222 878.

Jærmuseet har vedteke følgjande planar:

· Samlingsplan

· Formidlingsplan

Formidlingsplan barn og unge

· Forskingsplan

Organisasjonskartet viser dei ulike avdelingane i Jærmuseet og storleiken på kvar avdeling.
Jærmuseet våren 2012