At Limagarden, you can still see the houses that were here when people still lived at the farm.

Limagarden in the municipality of Gjesdal, is one of Jærmuseet’s museum farms.

The farm has existed since year 1600. Sheep have always been one of the main income at the farm. The farmers were also fishermen, and used the two lakes close to the farm. In the

 

I heimhuset var det mange slags oppgåver, og kvar ledig stund vart utnytta. Ull var ein viktig ressurs. Det var vanlegvis mannen og ungane som stod for kardinga medan kona tok seg av spinninga. Arbeidet gjekk føre seg i daglegstova. Heimhuset var delt inn i daglegstova, bua, kjøkken og andre-etasje. I daglegstova sov mann, kone og dei minste borna. Borna sov saman i ein såkalla “Sandnesbenk”, der det var plass til 2-4 personar.

Bua vart brukt til fint. I golvet var det ein planke. Det vart sagt at det bare var storfolk som fekk komma innanfor denne, husmenn måtte halda seg på utsida. I andre etasje skulle ungdommen, tenestejenter og drengar ligga. I tillegg vart det oppbevart matvarer som korn og mjøl på loftet.

Særutstilling
På loftet i heimehuset finn du ei lita utstilling om reiskapar og arbeidsmåtar i samband med tilverking av ull.

Folka på Limagarden
Limagarden ligg ved nordvestleg ende av Limavatnet og er er eit av gardsbruka på Ytre Lima i Gjesdal. Gardsbruket har gardsnummer 9 og bruksnummer 6 i Gjesdal. På 1950-talet var dette ein gard på 600 dekar, der 40 dekar var dyrka og 20 dekar var kulturbeite. Då var det 13 kyr, to hestar, 100 høns og 66 sauer på garden. Her budde Severin (f.1878) og Martha Maria Lima (1880 – 1966) med dei tre barna Tore (1904 – 1977 ), Jenny (1906 – 1986 ) og Lars (1908 – 1974). Då hadde familien budd på garden Ytre Lima gjennom mange generasjonar. Men husa hadde ikkje stått på same plassen. Fram til 1858 låg bruk 6 lengre aust, der det framleis ligg to gardsbruk. Det var staden der alle bruka på garden låg i ei klynge. Heimehuset og fôrløa blei flytta til nåverande stad, medan dei andre husa er bygde der dei står i dag.

Garden blei museum.
Dei tre søskena blei siste generasjon som budde på og dreiv garden. Tore og Jenny Lima testamenterte garden med bygningar, reiskap, utstyr og innbu til Gjesdal kommune under føresetnad av at garden skulle brukast til bygdemuseum. Garden var i drift til opp mot 1980. Kommunen overtok garden etter at den siste av søskena døydde i 1985. Gjesdal Bondelag og Gjesdal bondekvinnelag stod sentralt i arbeidet med å omskapa garden frå privat bustad til bygdemuseum. Innbuet blei tatt vare på. Møbler og utstyr står utstilt eller er magasinert. Kommunen selde noko av areala til bustadfelt og brukte desse inntektene til å setta istand bygningane. Eit eige fond har langt på veg finansiert vernevøling av bygningane. I 1989 blei gjenstandssamlinga frå Gjesdal bygdemuseum flytta frå Bollestad til Limagarden.

Bygningane på garden
Heimehus Jærhus – bygd 1848 og restaurert i 1988/89, 115 m2 i 1,5 etasje
Fôrløa Grindbygg – bygd rundt 1800, restaurert 1987; 131 m2
Sauehuset Bindingsverk, bygd 1900, 54 m2 + 60 m2
Nye løa med miljøloft Bindingsverk og mur. Ku og sauefjos, låve Bygd 1939 / 1948, 130 m2 i 3 etg. Miljøloft med toalett: Murt, reisverk, bygd 1991, 30 m2 i 2 etg.
Eldhus Bindingsverk, ukjendt byggeår, 45 m2
Smie Bindingsverk, ukjendt byggeår, 20 m2