Ekstra ope i Spød onsdag 18. januar kl 17 – 19

Ei utstilling om heimelaga barneklede på Haugabakka

Har du endå ikkje fått sett siste utstillinga i museet på Haugabakka i Klepp?

Då får du ein ny mulegheit onsdag 18. januar. Me held då ope frå kl 17 til 19. Utstillinga vart opna i oktober og syner ein del strikkeplagg frå samlinga til Jærmuseet. I tillegg kan du sjå veldig mykje fint som er lånt inn frå private i nærmiljøet.

Utstillinga vert ståande ut februar månad. Og det er høve for grupper å avtala besøk heile perioden.