Ferieklubb-tilbod i 2023

Barn frå første til femte trinn kan bli med på ei gild ferieveke på Grødaland i Hå.

Vil du vera med på ei veke utanom det vanlege?

På ferieklubben på Grødaland skal me leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i tjørna og fanga innsekt og frosker, spikka, laga forskjellige ting, kle oss ut med klede frå gamle dagar, snekra, dra på tur til Vitenfabrikken eller Vitengarden og mykje meir. Me lagar mat og serverer frukt kvar dag.

Ferieklubben vert arrangert som eit samarbeid mellom Jærmuseet og Hå kommune.

Alder: 1. – 5. trinn (skuleåret 2022/2023)

Kor tid: Veke 32, måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00 (det er fullt i veke 26)

Pris: kr. 1500,- per barn

Påmelding: Lenke til påmelding

Me tek me imot påmeldingar og stadfestar plass fortløpande.