Ferieklubb på Grødaland 2016

Vil du vera med på ei veke utanom det vanlege?

På Grødaland kan me leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i skogen, spikka og byggje hytte, laga forskjellig, kle oss ut, spela rollespel frå ”gamle dagar”, snekra, fiska m.m. Me lagar mat og serverar frukt kvar dag.

Alder: 1.-7. klasse

Veke 26, 27 og 32, måndag til fredag kl 9 – 15. Pris kr. 1500 Veke 33, måndag og tysdag kl 9 – 15. Pris kr 600 Bindande påmelding innan 1. mai til ins@jaermuseet.no

Det er begrensa plass og det er «første mann til mølla».

Skriv kva veker de søkjer, barnet sitt namn, adresse og fødselsdato og føresette sin epostadresse og tlf nr.

Treng barnet ekstra tilrettelegging eller hjelp, er det viktig at du informerer oss. Gje beskjed når du melder på. Me er gjerne med og diskuterer praktiske løysingar på behovet.