{"id":9518,"date":"2023-01-18T17:33:00","date_gmt":"2023-01-18T15:33:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=9518"},"modified":"2023-02-20T13:20:15","modified_gmt":"2023-02-20T11:20:15","slug":"sommaren-1892-da-hulda-blei-forfattar-og-arne-skreiv-fred","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/sommaren-1892-da-hulda-blei-forfattar-og-arne-skreiv-fred\/","title":{"rendered":"Sommaren 1892: D\u00e5 Hulda blei forfattar og Arne skreiv Fred"},"content":{"rendered":"\n

Vinteren 1892 var Arne og Hulda Garborg i Roma. Dei hadde med seg sonen Tuften og naut livet. Det var ei slags danningsreise. Roma var verdas navle, det historiske knutepunktet i Europa. Dei l\u00e6rte om Italia og Romarriket, koste seg med italiensk mat og vin, dei sosialiserte og hadde fine dagar saman.  <\/p>\n\n\n\n

Arne hadde allereie bestemte seg for kva han skulle gjera n\u00e5r dei kom heim. Det var noko han hadde g\u00e5tt og tenkt p\u00e5 i fleire \u00e5r allereie. Han skulle skriva sin \u201cnaturalistiske j\u00e6rroman\u201d. Fr\u00e5 det europeiske vidsynet skulle han trekka inn i seg sj\u00f8lv. Fr\u00e5 verdshistoria skulle han fokusera p\u00e5 si eiga historie, oppveksten p\u00e5 J\u00e6ren. <\/p>\n\n\n\n

Helten skulle vera \u201chan far\u201d, Eivind Garborg, hustyrannen. <\/p>\n\n\n\n

Han trong \u00e5 skriva dei vonde tankane fr\u00e5 seg. Han trong \u00e5 skriva om livet p\u00e5 Garborg, faren og sj\u00f8lvmordet hans. Det skulle bli romanen Fred<\/em>. Men han skulle leggja godsida til. Han skulle pr\u00f8va \u00e5 forst\u00e5 faren. Kvifor var han som han var? Kvifor gjekk det som det gjekk? Korleis p\u00e5verka han familien? <\/p>\n\n\n\n

Hulda hadde ogs\u00e5 begynt \u00e5 planlegga. Ho nemnde tankane sine for Arne, og han st\u00f8tta henne. Dei hadde vore gifte sidan 1887 og han hadde sett kva som budde i henne. Ho hadde hjelpt han mykje med romanen Hjaa ho mor<\/em>, som kom to \u00e5r f\u00f8r, og han oppmuntra henne til \u00e5 skriva sj\u00f8lv, noko som ikkje var vanleg p\u00e5 denne tida. Det fanst ingen forfattarektepar i Noreg p\u00e5 denne tida. Det fanst forfattarar og konene deira, koner som hjalp til. Nokre gjorde rett nok meir enn kva som var venta av dei, til d\u00f8mes Suzannah Ibsen, som n\u00e6rast tvang mannen sin til \u00e5 skriva ei viss tid kvar dag.  <\/p>\n\n\n\n

Men Hulda ville skriva sj\u00f8lv. Ho hadde dr\u00f8ymt \u00e5 bli forfattar sidan ten\u00e5ra. Ho brann alle dikta sine d\u00e5 ho blei kj\u00e6rast med Arne. Den gongen var ho redd den ber\u00f8mte forfattaren skulle meina dei var d\u00e5rlege, men n\u00e5 var ho blitt tretti \u00e5r og var ikkje redd lenger. S\u00e5 medan Arne skreiv Fred <\/em>skulle ho skriva ein roman, ho \u00f2g. Ogs\u00e5 det skulle vera ein naturalistisk roman med utgangspunkt i eigne opplevingar. I sju \u00e5r f\u00f8r ho gifta seg hadde ho arbeidd i butikk, vore s\u00e5kalla \u201cbutikkjomfru\u201d. Derifr\u00e5 hadde ho kunna sj\u00e5 oppover og innover i borgarskapet, og utover mot unge jenter som drog til byen etter arbeid, utan ressursar eller utdanning, gjerne lette \u00e5 utnytta. <\/p>\n\n\n\n

I 1890 hadde Arne med hennar hjelp skrive romanen Hjaa ho mor<\/em>, delvis bygd p\u00e5 Hulda sin eigen oppvekst. Og i romanen hans, Mannfolk<\/em>, hadde ho bidratt med informasjon om korleis det var \u00e5 vera ung kvinne i Kristiania og arbeida i butikk. N\u00e5 ville ho ta historia eit steg vidare, fortsetta der mannen slapp, s\u00e5 \u00e5 seia, og skriva ei forteljing om ei butikkjomfru som blir forf\u00f8rt og innleier eit forhold til butikkeigaren. Det underliggande sp\u00f8rsm\u00e5let er om dei blir lukkelegare, eller friare, av det? Er forholdet eit resultat av kj\u00e6rleik eller dei sosiale forholda? Ang\u00e5r det berre dei involverte, eller ogs\u00e5 familiane deira og andre tilsette i butikken? <\/p>\n\n\n\n

Kan ei ung kvinne fr\u00e5 l\u00e5gare samfunnslag vera jambyrdig med ein gift butikkeigar? Romanen stiller sp\u00f8rsm\u00e5l om moralsk ansvar, kj\u00f8nnsroller og avstanden mellom fattig og rik. Kva er eit fritt forhold, og er det i det heile tatt mogleg \u00e5 vera fri i eit forhold? <\/p>\n\n\n\n

Ogs\u00e5 Arne var klar til \u00e5 ta eit steg vidare: fr\u00e5 \u00e5 skildra kona sin oppvekst i Hjaa ho mor<\/em> ville han n\u00e5 skriva om sin eigen. <\/p>\n\n\n\n

Det kom til \u00e5 gjera vondt, og han visste det. <\/p>\n\n\n\n

Tidleg p\u00e5 v\u00e5ren drog dei til S\u00f8r-Italia. Der fekk dei mellom anna med seg Pompeii, f\u00f8r dei begynte den lange og slitsame reisa heimover: mot Noreg, skriveprosjekta og framtida.  <\/p>\n\n\n\n

\"\"
Familien reiste mykje i desse \u00e5ra. Her er dei i Tyskland i 1890. Foto: Nasjonalbiblioteket.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n

I mai kom dei til Noreg, men dei sette seg ikkje p\u00e5 toget nordover til heimen Kolbotn p\u00e5 Tynset. Dei drog til Stavanger. Den beste staden for Arne \u00e5 skildra J\u00e6ren var sj\u00f8lvsagt p\u00e5 J\u00e6ren. Ved hjelp av ei barndomsvenninne hadde han f\u00e5tt leiga eit rom p\u00e5 Salte i Orre sokn. Der skulle han f\u00e5 fred til det sjelelege djupdykket sitt. Herifr\u00e5 kunne han sj\u00e5 sanddynene ved havet mot vest og fjellrekka mot aust, og store delar av det vide og flate j\u00e6rlandskapet mellom dei.  <\/p>\n\n\n\n

Han kunne skildra det han s\u00e5g, la det smelta saman med det han hugsa. <\/p>\n\n\n\n

Hulda og Tuften skulle bu hos Jon, bror til Arne. Han hadde overtatt garden p\u00e5 Sandal ved Stavanger, der familien hadde flytta etter at faren hadde tatt livet sitt p\u00e5 Garborg. Arne hadde \u00f2g budd der; i sommarferiane medan han var student, og ein gong i eit halvt \u00e5r medan han dreiv L\u00e6rer-standens Avis.  <\/p>\n\n\n\n

Huset st\u00e5r enn\u00e5, ombygd i fleire omgangar. Merka etter trykkeriet i andre etasje var synlege til 2010-talet. <\/p>\n\n\n\n