{"id":8353,"date":"2021-04-01T00:12:00","date_gmt":"2021-03-31T22:12:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=8353"},"modified":"2025-06-02T15:47:28","modified_gmt":"2025-06-02T13:47:28","slug":"paskeoya-gjer-krav-pa-garborg-hovudet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/paskeoya-gjer-krav-pa-garborg-hovudet\/","title":{"rendered":"P\u00e5ske\u00f8ya gjer krav p\u00e5 “Garborg-hovudet”"},"content":{"rendered":"\n

NB! Aprilsnarren 2021!<\/strong><\/p>\n\n\n\n

P\u00e5ske\u00f8ya sin kulturattach\u00e9 i Noreg, Lha Dreyeh, har gitt beskjed til norske myndigheiter om at Noreg m\u00e5 levera tilbake steinskulpturen som n\u00e5 st\u00e5r i Knudaheio. P\u00e5ske\u00f8ya har hatt ein sak g\u00e5ande med British Museum i London i mange \u00e5r, og n\u00e5 er turen komen til Noreg og Time kommune.<\/p>\n\n\n\n

“Denne statuen er stolen fr\u00e5 oss og n\u00e5 er det p\u00e5 tide me f\u00e5r han tilbake.”<\/p>\n\n\n\n

Tilbakelevering av stolen kunst har vore eit betent tema i fleire hundre \u00e5r. P\u00e5 1700- og 1800-talet forsynte dei franske og britiske imperia seg grovt av kunsten dei fann i koloniane og vasallstatane sine. S\u00e6rleg Venezia, Hellas og Egypt vart utsette for dette. Museum som British Museum og Louvre i Paris er delvis bygd opp av stolne kunst- og kulturskattar, og med jamne mellomrom oppst\u00e5r diplomatiske kriser som f\u00f8lge av at moderlanda krev gjenstandane tilbake.<\/p>\n\n\n\n

Musea sine argument har vore at det er ein fordel for b\u00e5de forskarar og museumsgjester at ein kan oppleva sivilisasjonens historie p\u00e5 \u00e9in stad. Dette er eit argument P\u00e5ske\u00f8ya har vondt for \u00e5 svelgja. <\/p>\n\n\n\n

“Eit kunstverk skal opplevast der det h\u00f8yrer heime”, seier kulturattacheen ved den chilenske ambassaden i Oslo, Lha Dreyeh. Ho kjem opprinneleg fr\u00e5 P\u00e5ske\u00f8ya og vil ha alle moaiar heim.<\/p>\n\n\n\n

Ein moai er ein steinstatue av den typen P\u00e5ske\u00f8ya er verdskjend for, og som Thor Heyerdahl forska p\u00e5 for \u00e5 finna opphavet til.<\/p>\n\n\n\n

“Moaiane er stiliserte avbildingar av v\u00e5re forfedrar”, seier ho. “Dei spelar ei rolle for oss sosialt, religi\u00f8st og historisk, og er ein sentral del av \u00f8ya sitt kulturlandskap. N\u00e5 m\u00e5 Noreg levera statuen tilbake eller tola konsekvensane!”<\/p>\n\n\n\n

Men er ikkje statuen p\u00e5 P\u00e5ske\u00f8ya ei avbilding av Arne Garborg d\u00e5? Det er i alle fall det folk seier og trur.<\/p>\n\n\n\n

“Nei nei nei”, seier Dreyeh. “Berre fordi ein mann med bart budde i n\u00e6rleiken av ein statue av ein mann med bart, s\u00e5 m\u00e5 statuen forestilla akkurat denne mannen med bart?”<\/p>\n\n\n\n

Ho smiler hastig.<\/p>\n\n\n\n

“Kva om statuen stod midt i Trondheim? Eg berre sp\u00f8r.”<\/p>\n\n\n\n